Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Løyve til å køyre opp løyper for hjortevilt

Vinteren har vore ekstra hard for hjorteviltet denne sesongen, og store snomengder gjer det vanskeleg å både ta seg fram og finne mat. Det har vore fleire viltpåkøyrslar denne vinteren då viltet heller ferdast i vegen.

 
I medhald av nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og islagt vassdrag § 3 bokstav i, vert det gjeve løyve til å køyre opp løyper for viltet med snøskuter eller ATV med belte som eit akuttiltak for å redusere risikoen for påkøyrslar.

Vilkår for køyring

• Grunneigar må ha gjeve løyve
• Det skal berre køyrast løyper i nærleiken av veg, gjerne langs ubrøytte skogsbilvegar. Løypene skal ikkje krysse trafikkert veg.
• Dersom køyring av løyper skal kombinerast med fôring, må det gjevast beskjed til kommunen dersom du ikkje allereie har løyve frå Mattilsynet
• Køyretyet skal vere registrert
• Køyring skal skje så aktsamt og omsynsfullt som råd for å unngå skade og ulempe for naturmiljøet og menneske
• Køyring i verneområde er ikkje lov
• Av omsyn til friluftsliv og oppkøyrde skiløyper, gjeld ikkje løyvet vest for Borsætoppen på FV 45.


Lovlege køyredagar (mellom 08.00 og 20.00)

Fredag 16. mars
Laurdag 17. mars
Søndag 18. mars
Fredag 23. mars
Laurdag 24. mars
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk