Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Tilskotsordningar for jord- og skogbruket i Tokke 2018

NMSK/SMIL

Utviklingsutvalet vedtok i møte 08.03.18 retningslinene for forvaltning av dei økonomiske fagmidla SMIL og NMSK for landbruket i Tokke for 2018.

 

Det vert gjeve tilskot til følgjande tiltak:

o Ungskogpleie (NMSK) 40 %
o Nyplanting/plantekjøp (NMSK) 25 %
o Kulturlandskap og verneverdige bygningar (SMIL) 20-50 %

For NMSK-midlar er det "fyrste mann til mølla". Siste frist er 01.10.2018.
Rapporter straks tiltaket er utført.

 

Kontaktperson: Skog- og utmarksrådgjevar Per Wraa, tlf. 350 75 244

For SMIL-midlar er fyrste søknadsfrist 1. juni. Eventuelt 1. oktober dersom me har midlar att etter dette. 

Kontaktperson: Landbrukssjef Gunnhild Helene Breiland, tlf. 350 75 242

Kommunale tilskot i medhald av landbruksplan

Det vert gjeve tilskot til følgjande tiltak:


o Oppgradering/nybygging av driftsbygningar 20 %
o Drenering av dyrka mark (både kommunalt og statleg tilskot) tilskotssats varierer

For dreneringstilskotet skal det søkjast før ein set i gong. Søknadane vert derfor handsama fortløpande. Siste frist er 1. september.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk