Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Trafikksikringsplan 2018 - 2022

Utviklingsutvalet i Tokke har vedteke å leggje framlegg til trafikksikringsplan 2018 – 2022 ut til offentleg ettersyn. Frist for innspel/ merknader er 19. juni 2018.

Planframlegg saman med sak frå utviklingsutvalet finn du her:

Trafikksikringsplan høyringsutkast.pdf
Vedtak UTU.pdf

Aktuelle trafikksikringstiltak for planperioden gjeng fram av planen. Desse er førebels ikkje kostnadsrekna eller prioriterte. Administrasjonen vil frametter jobbe med dette, og vil vurdere prioritering opp mot innspel og merknader som kjem inn i høyringsperioden. Vidare vil den administrative arbeidsgruppa jobbe særskilt med tiltak for å sikre trafikkareal/ tilkomst/ parkering ved Tokke skule og Vest – Telemark Vidaregåande. 

Etter høyring vil vi utarbeide framlegg til endeleg plan, med handsaming hjå alle fagutval og råd før vedtak i kommunestyret. Framlegg til prioritering av tiltak vil gå fram av saka og i endeleg framlegg til plan. Innspel/ merknader til planframlegget skal sendast postmottak@tokke.kommune.no innan 19. juni 2018. For meir informasjon, ta kontakt med Plan- og næringssjef Gunhild Austjord, tlf 350 75 200.



TrafikkGunhild Austjord
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk