Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Ungdataundersøkinga i Tokke 2018

Kort presentasjon av prosjektet

På oppdrag frå Tokke kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region sør (KoRus - Sør) ei kartlegging av viktige sider ved livsstilen og levekåra til ungdom i kommunen. Undersøkinga gjennomførast på skulen ved at ungdomane svarer på eit spørjeskjema via Internett. Undersøkinga går føre seg i veke 9 til 12, og det tek om lag éin time å svare på alle spørsmåla. Ungdomane vel sjølve om dei vil vere med på undersøkinga.

Kartlegginga vert gjennomført som ei ungdataundersøking. Dette er eit spørjeskjemaopplegg som norske kommunar bruker for å skaffe seg oversikt over kvardagslivet til og folkehelse-situasjonen blant ungdom i kommunen (www.ungdata.no). Tilsvarande undersøkingar vert gjennomførte ei rekke stadar i landet.

Se heile saka her.


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk