Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Oppdatering på vatningsrestriksjonane

Oppdatering 07.06.18

Etter godt og vel ei veke med vatningsrestriksjonar i kommunen har det kome eitt og anna spørsmål frå abonnentar.

Vil derfor presisere at årsaka til restriksjonane er at vassbehandlingsanlegga i kommunen nærmar seg maksimal belastning som fylje av stort forbruk.

Ein ser tydeleg av den kommunale driftsovervakinga at forbruket aukar merkbart mellom kl 19 og 22. Dette tyder på at dei fleste rettar seg etter restriksjonane, noko som er veldig bra!

Me ber derfor alle halde fram med dette, og gjentek at abonnentar med partalsadresse kan vatne på partalsdagar og dei med oddetalsadresse vatnar på oddetalsdagar.

Altså alle har høve til å vatne annankvar dag frå 19-22. 


Vatningsrestriksjonar

Frå 25.05.18 vert det innført vatningsrestriksjonar for abonnentar tilknytt dei kommunale vassverka i Tokke kommune.

Eigedomar med partallsadresse kan vatne i tidsromet kl. 19.00 - 22.00 på dagar med partallsdato; 2,4,6 osv.

Eigedomar med oddetalsadresse kan vatne på same måte på dagar med oddetalsdato; 1,3,5 osv.

Dette gjeld heilt fram til 31. August.

Dei som har fått brev i posten om vatningsforbod kan no sjå burt frå brevet, nye vatningsrestriksjonar er gjeldande.


Plan, næring og teknisk etat

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk