Oppstart reguleringsarbeid - Langesæliii - del av 36/3
I medhald av lov om planlegging og byggesaksbehandling av 27.juni 2008, § 12-8 blir det med dette varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering for fritidsbusetnad på vegne av grunneigar av gnr 36 bnr 3 i Tokke kommune, Karl Endre Bjerk og Astrid Kvaale.
Planområdet ligg nord for RV 45 mellom Dalen og Høydalsmo i sør enden av Langesæ, og er vist på vedlagt kartutsnitt med avgrensing. Området er i samsvar med kommuneplanens arealdel, vedtatt 13.09.2005, og utgjer en del av SH12 Langesæ sør (LNF der spreidd fritidsbebyggelse er tillatt – 5 tomter).
Målet med planen er å planlegge 5 tomter for fritidsbustader med låg sanitærstandard og veg fram til kvar tomt.
Planarbeidet vil fylgje dei føresegner og retningslinjer som går fram av gjeldande arealdel for Tokke kommune. AT plan as har hatt dialog med Tokke kommune i førekant av arbeidet, og har fått klarsignal om å varsle oppstart av planarbeidet.
Planarbeidet vil starte opp omgående og halde fram utover høsten og vinteren 2009.Målet er å oversende planframlegg til handsaming i kommunen i løpet av januar 2010.
Vi ynskjer at dei som har interesser i området og meiningar om kva som er viktig å ta omsyn til, gjev innspel om dette. Kommentarar/ merknadar til planarbeidet som er sett i gang skal sendast skriftleg til AT- Plan AS, 3870 Fyresdal eller på e-post kh@atplan.no innan 26.november 2009. Nærare opplysingar kan ein få ved å kontakte Kathrin Hinz på mobil 47 45 34 52
Områdekart for detaljreguleringsarbeid
Situasjonskart 1:500 Langesælii
Sist oppdatert 03.11.2009