Vilkårsrevisjonen for konsesjonane i Tokke-Vinjevassdraget
Arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkåra for Tokke-Vinjevassdraget har no kome så langt at kommunestyra i Tokke og Vinje har handsama kravdokumentet og konsesjonæren (Statkraft SF) har oversendt revisjonsdokumentet til NVE. Kommunane hadde venta at NVE sendte dette på høyring i løpet av vår/sumar 2011, men pr nov 2011 har kommunen enno ikkje høyrt noko frå NVE i saka.
Tokke og Vinje kommunar har engasjera FAUN Naturforvaltning AS i arbeidet med vilkårsrevisjonen av Tokke-Vinjevassdraget, samt arbeidet i høve til EU's vassrammedirektiv (vassforskrifta).
I tillegg er Olav Bjørn Bakken sakshandsamar for denne saka i Tokke, og med støtte frå andre i administrasjonen innanfor ulike spesialfelt.
I Vinje har Dorthe Huitfeldt teke over som sakshandsamar med støtte av ei intern arbeidsgruppe av fagpersonar.
Det felles kraftutval mellom kommunane er styringsgruppe.
Statkraft som konsesjonær fekk frist til 1.okt 2010 med å utarbeide eit revisjonsdokument, og har no oversendt dette til NVE. Eit sentralt element i dette revisjonsdokumentet er dei krav om endringar i konsesjonsvilkåra som kommunane på vegne av dei ålmenne interessene har fremja.
Arbeidet med vilkårsrevisjonen i kommunane har halde på sidan 2005, og kommunane ventar no på at NVE skal sende ut deira forslag til nye konsesjonsvilkår på høyring. Det kan sjå ut til at dette ikkje vil koma før i 2012.
For å arbeide med denne saka, har det felles kraftutval for Tokke og Vinje kommunar sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå båe kommunane og Statkraft, og der Helge Kiland frå FAUN er med som konsulent.
Kraftutvalet sitt forslag til kravdokument vart handsama i Tokke formannskap 16.juni og i kommunestyret 22.juni. Det reviderte kravdokumentet som vart oversendt Statkraft Energi 28.juni 2010 finn du her.
Statkraft sitt revisjonsdokument kan du laste ned frå FAUN sine heimesider (22 MB): http://www.fnat.no/nedlast/
Ei vesentleg problemstilling i denne saka for Tokke er omsynet til storaurestamma i Bandak. NINA sin rapport etter undersøkjingar hausten 2009 finn du her.
Sist oppdatert 14.11.2011