Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Bygg og teknikk / Spreitt avløp / Informasjon om spreitt avløp

Informasjon om spreitt avløp

Kven har søknadsplikt?
Når du skal etablere utslepp av sanitært avløpsvatn, eller vil auke eit eksisterande utslepp, må du søkje kommunen om utsleppsløyve. Søknadsplikt gjeld også avløp til tett tank.

Dersom utsleppet er frå bustadhus, fritidsbustader, hytter, turistbedrifter og liknande med utslipp mindre enn 50 pe, nyttar du ut søknadsskjemaet ” Søknad om utslepp - spreitt avløp fra hus og hytter”.

Søknad om etablering av avløpsanlegg er søknadspliktig etter Forureiningsføreskrifta kap 12, og sjølve anlegginga er søknadspliktig etter plan og bygningslova § 93.
Det er ditt ansvar som ansvarleg eigar å sende inn nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å handsame søknad etter forureiningsføreskrifta. Søknaden vert ikkje handsama før alle naudsynte opplysningar føreligg.

Kva må du gjere før du søkjer?
Finn ut kva informasjon og dokumentasjon som krevjast i søknad om utsleppsløyve. Les søkjarvegleiinga før du fyller ut skjema.

Innhent naudsynt informasjon og dokumentasjon. Det er søkjar som skal innhente all informasjon, og vise at det planlagte utsleppet er i samsvar med krava. Det kan ta tid å samle alt, så berekn god tid.

Du må varsle berørte partar og andre spesielt berørte. Parter er til dømes naboar, friluftsinetersser.. Når du sender nabovarsel til partane, skal gjenpart av nabovarsel til kommunen. Er du i tvil om kven som skal varslast, kan du få vegleiing frå kommunen. Du må sjølv sjå til å få kvittering for at varsel er sendt (kvittering på rekommandert brev eller underskrift). Gjenpart av nabovarsel skal vedleggast søknad (vedlegg 7i) i lag med eventuelle uttaler/protester du har mottatt (vedlegg 7j).

Søknaden kan ikkje sendast kommunen før svarfristen på fire veker har gått ut. Dersom partar har kryssa for at dei samtykker i tiltak kan søknad sendast straks.
Det er ein fordel om søknad om utsleppsløyve og søknad om løyve til tiltak kjem samstundes, men det er fullt mogeleg å få utsleppsløyvet før ein bestemmer seg for konkret løysing og søkjer etter pbl § 93. Ver då klar over at etablering av avløpsanlegg skal handsamast som eitt-trinns-søknad med 12 vekers sakshandsamingstid.

Kor lang tid tek det før søknaden vert handsama?
Når du har fylt ut alle punkt i søknadsskjemaet, og alle naudsynte vedlegg ligg til søknad, har du levert ein fullstendig søknad. Om søknaden manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil dette forsinke handsaminga (handsamingstida byrjar i det søknaden er fullstendig).

Det er du som søkjar som er ansvarleg for at søknaden er fullstendig.
Dersom ein søkjer utsleppsløyve først, og sidan løyve etter plan-og bygningslova skal du vere klar over at handsaminga etter pbl kan ta inntil 12 veker, føresatt at ein leverar komplett søknad.

Eg har sendt søknad om utslippsløyve til kommunen:

Kva tid kjem svaret?

Eg har sendt ein fullstendig søknad i tråd med standardkrav og eventuelle tilleggskrav fra kommunen

Søknaden skal handsamast av kommunen innan 6 veker. Om kommunen ikkje har svart på søknaden innan 6 veker reknast løyve for gitt

Eg har sendt inn fullstendig søknad med krav om unntak fra reinsekrava

Kommunens absolutte handsamingsfrist på 6 veker gjeld ikkje. Søknaden skal handsamast utan ugrunna opphald

Eg har sendt inn ufullstendig søknad

Søknaden vil ikkje bli handsama

Kan du klage på vedtaket?
Eventuell klage må sendast skriftleg og grunngiven til kommunen innan tre veker frå mottatt vedtak.

Kva krevjast av deg når anlegget er i drift?
Anleggets eigar plikter å dimensjonere, drive og vedlikehalde anlegget slik at lekkasjar vert førebygd og lukt unngåas, jf. vilkår i utsleppsløyvet. Du må oppbevare informasjon om anlegget, drift og lekkasjar. Eventuelle naboklager skal oppbevarast i fem år frå løyve er gitt. Kommunen er tilsynsmynde og fører tilsyn med at krav vert overhalde. Kommunen kan krevje gebyr for tilsyn.

Det er ein stor fordel for eigar å ha serviceavtale for drift av anlegget.

Søknad om utslepp - spreitt avløp fra hus og hytter.
Vegleiing til søknad om spreitt avløp
Avløp.no - info om avløpsløysingar m.m.

Tokke kommune skal i løpet av 2009 få laga lokale forureinigsføresegner. Målet er å gjere sakshandsaming enklare og stille klåre krav til dei som søkjer om utslepp og få til gode avløpsordningar.

Sist oppdatert 21.10.2008