Dispensasjon
Om ein ønskjer gjennomføre tiltak som er i strid med gjeldane plan og/eller lov/føreskrift, kan ein søkje dispensasjon etter plan- og bygningslova §7. Eit krav i lova er at det føreligg særlege grunnar.
Særlege grunnar må grunngis i eigen søknad. Særlege grunnar er meir spesielt enn eit generelt ønskje om t.d. betre plass fordi familien har blitt større, eller at noko hadde vore lettvindt.
Det er ikkje gitt sakshandsamingstid på dispensasjonssøknad. Ofte må desse opp til politisk handsaming, og ein må hente inn uttaler frå andre instansar som fylkesmannen og vegvesenet. Sakshandsamingstida vil derfor variere etter type sak.
Om ein får innvilga dispensasjon må dele- eller byggesaka handsamast etterpå. Dispensasjonen er ikkje eit byggeløyve.
Det kan gis dispensasjon i dele-, melde- og søknadspliktige saker. Det er ein fordel å søkje dispensasjon samtidig med at ein leverar søknad for tiltaket.
For søknadspliktige tiltak etter pbl § 93, må prosjektering av tiltak vere ferdig for at dispensasjonssøknad skal handsamast.
Frå 01.01.2009 vert det lagt gebyr på 1500,- på alle dispensasjonssøknader i Tokke kommune. Dette kjem ”oppå” eventuelle andre gebyr.
Kommunen sine gebyrsatsar finn du her
Mange hytter/fritidsbustader ligg i uregulert område. Det betyr at det i prinsippet er bygge- og deleforbod. Dersom ein ønskjer gjere noko med slike bygg, skal det handsamast som dispensasjon.
Kommunen har føringar på kva som kan tillatast kvar når det gjeld storleik, utforming osv på hytter/fritidsbustader som ligg utanfor regulerte områder.
Sist oppdatert 21.10.2008