Meldesaker - små byggeprosjekter
Dei fleste fysiske tiltak på ein eigedom skal meldast eller søkjast kommunen. Meldesaker er dei enklaste sakene, og omfattar mindre tiltak etter plan- og bygningslova §§ 81, 85, 86 a. For denne type arbeid er det ikkje krav om ansvarshavende eller kontrollplanar. Det betyr at eigar sjølv kan melde tiltaket og stå ansvarleg.
Meldepliktige tiltak kan vere:
- På bebygd eigedom: Oppføring av eit bygg inntil 70m2 BRA for garasje/uthus (bygg for opphald er søknadspliktige)
- Tilbygg som ikkje inneheld våtrom på inntil 50m2 BRA
- Driftsbygningar i landbruket
- Mellombels eller transportable bygningar
- Oppføring av terrasse, utegrill, støttemur
- Fasadeendring
- Mindre terrengarbeider/planering
Meldepliktige saker er å sjå som godkjente dersom ikkje kommunen har svart innan 3 veker etter å ha mottatt meldinga. Dette føreset at meldinga er i tråd med alle lovar, føreskrifter og planar, og at ho er komplett. I Tokke kommune får du svar på meldesaker innan 3 veker.
Det er søkjar sitt ansvar å sjå til at alle naudsynte dokument ligg til meldinga.
Alle saker skal innehalde situasjonskart der søkte tiltak er innteikna, plan- og fasadeteikningar (med grunnmur) med alle mål, samt gjenpart nabovarsel.
Er tiltaket er i strid med plan, føreskrift eller lov, kan det søkjast dispensasjon dersom det føreligg særlege grunnar. For dispensasjon er det ingen sakshandsamingsfrist.
For digital melding: bruk ByggSøk. Tokke kommune kan diverre ikkje motta ByggSøk direkte, men du kan lagre til disk og sende melding på e-post til postmottak@tokke.kommune.no
Naudsynte skjema for papirsøknad:
- Melding om tiltak
- Nabovarsel
- Gjenpart nabovarsel
Oversikt over byggesaksgebyr
Kart og oversikt over naboar kan du få ved å henvende deg til kommunen. For å få dette treng me namn, adresse (gjerne e-post), gards- og bruksnummer og ev. festenummer på eigedomen.
Sist oppdatert 07.05.2009