Søknadspliktige byggesaker
Omfattar alle tiltak etter plan og bygningslova § 93. Tiltaka krev ansvarsdekking på alle fagområder det omfattar.
Søknadspliktige tiltak er mellom anna:
· Oppføring av nybygg, påbygg, konstruksjonar og anlegg (avløpsanlegg til dømes)
· Bruksendring
· Riving av bygg – må også ha avfallsplan/miljøsaneringsplan
· Større terrenginngrep (fylle opp over 1,5m over terreng i spreitt bygd område, 0,5m over terreng i tettbygd felt)
· Tekniske installasjonar, m.m.
· Deling/samanslåing av eigedomar
Byggesaka er ikkje avslutta før tiltaket er ferdigmeldt, i tråd med godkjent søknad, og kontrollerklæring er sendt kommunen og godkjent.
Informasjon om krav til ansvarsdekking finn du i Godkjenningsføreskrifta (GOF) og vegleiaren til GOF
Sakstyper:
Enkle tiltak– Tiltak som er i tråd med plan og lover/føreskrifter og søknad vert levert komplett. Har 3 vekers handsamingsfrist.
Eitt-trinns-søknad– Meir komplekse saker som krev meir sakshandsaming. Har 12 vekers handsamingsfrist frå naudsynte dokument er levert.
Rammeløyve– Tiltak som har ferdig prosjekterte ytre rammer, men der ein t.d. ikkje har avklart kven som skal utføre arbeidet på dei ulike ansvarsområder. Har 12 vekers sakshandsamingsfrist. Etter kvart som byggesaka vert avklart, og ein finn føretak for utføring, søkjer ein Igangsettingsløyve. Dette har 2 vekers sakshandsamingsfrist.
Det er ansvarleg søkjar sitt ansvar å sjå til at alle naudsynte dokument ligg til søknaden.
Alle saker skal innehalde situasjonskart der søkte tiltak er innteikna, plan- og fasadeteikningar med alle mål (inkl. grunnmur), samt gjenpart nabovarsel.
Dersom tiltaket er i strid med plan, føreskrift eller lov, kan det søkjast dispensasjon dersom det føreligg særlege grunnar.
Kart og oversikt over naboar kan du få ved å henvende deg til kommunen. For å få dette treng me namn, adresse (gjerne e-post), gards- og bruksnummer og ev. festenummer på eigedomen.
Oversikt over kommunen sine gebyrsatsar
For meir informasjon:
Statens Bygningstekniske etat - her finn du alt regelverk knytt til byggesak m.m.
ByggSøk - gratis digitalt verktøy som er enkelt i bruk og gjer at søknad vert komplett
Me minner om at Statens Bygningstekniske etat har slutta drifte papirskjemaene for byggesøknad, og har gått over til å drifte ByggSøk. Papirskjema:
- Søknad om løyve til tiltak
- Opplysningar om ytre rammer
- Søknad ansvarsrett/Kontrollplan
- Søknad om lokal godkjenning
- Kontrollplan
- Nabovarsling
- Gjenpart nabovarsling
- Ferdigmelding
- Søknad om igangsetting
- Kontrollplan for viktige og kritiske områder
- Søknad om endringsløyve
Større byggeprosjekt, over 300m2 BRA, rehabilitering og riving, kjem innunder avfallsforskrifta og må levere avfallsplan.
- Avfallsplan
- Forenkla miljøsaneringsplan
Sist oppdatert 07.05.2009