Renovasjon
I Fyresdal. Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje er det Renovest som står for renovasjonsordninga. Dei fleste spørsmål kan ein få svar på hos Renovest, Telefon 35 06 80 00.
Innkrevjing av gebyr i samband med renovasjonsordninga er det Tokke kommune som har ansvar for. Har du spørsmål om tilsendte fakturaer, ta kontakt med serviceavdelinga.
Kva står i dei lokale forskriftene
Abonnement
Gebyr
Når og korleis vert eg kvitt avfallet?
Renovasjonsbilen køyrer fast rute i høve til køyrekalenderen.
Alle abonnentar skal få renovasjonskalender for gjeldande periode tilsendt.
For standardabonnentar er det levering av restavfall annakvar veke. For miniabonnentar er det levering kvar 4. veke.
For meir informasjon kan du gå inn på Renovest sine nettsider.
Gratis levering til betjente mottak - hushaldningsabonnentar kan årleg levere inntil 300 kg forbruksavfall på sorteringsstasjonane Skårmoen, Vistadmoen, Hovdestadmoen og Brunkeberg.
Vistadmoen, sorteringsstasjonen i Tokke, er open kvar tysdag frå kl. 14.00 – 19.00.
Utdeling av sekkar til restavfall, bioposar og sekkar til plastavfall
Bioposar og sekkar til plast vert levert ut etter behov. Heng ein lapp med kva du treng i klypa på innsida av den store døra i skåpet, så legg renovatøren att rullar til deg den veka matavfall og papir vert henta.
Du kan også få sekkar til restavfall, matavfall og plastavfall på kommunehuset, og på Vistadmoen - , Hovdestadmoen - , Skårmoen - og Brunkeberg avfallsanlegg.
Heimekompostering
Klikk her for avtale om heimekompostering
Klikk her for vedlegg til avtale om heimekompostering
For meir informasjon gå til Renovest sine internettsider.
Korleis få til god heimekompostering? Grønn Hverdag har mange tips.
Sist oppdatert 04.08.2009