Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune

Samarbeid

 

Helsestasjonen samarbeider med:

Basisgruppe einskildsaker

Tverrfagleg i Basisgruppe einskildsaker, når eit barn treng hjelp frå ulike instansar, for å avklare kven som best kan utrede og hjelpe. Medlemmer er pedgogisk konsulent ved skulekontoret, sosialærarane ved Høydalsmo og Tokke skular, leiar av PPT barnevernleiar, leiande helsesøster og kontaktperson frå barne- og ungdomspsykiatrien - BUP- Notodden saman med foreldre og personell som har nær dagleg kontakt med barnet. Om det er mange, kan det vere nyttig å avklare når vi sit saman, og ikkje at vi leikar 'katt og mus' med dei ulike instansane.

Basisgruppe oppvekst

Tverretatleg i Basisgruppe oppvekst, om oppvekstsaker og med Barne- og ungdomsplanen som arbeidsredskap. Medlemmer er rådmannen, kultur- og oppvekstsjefen, kulturkonsulent, ungdomsmiljøarbeidar, barnevernleiar, psykiatrisk sjukepleiar, sosialleiar, rektorane frå Høydalsmo, Tokke og Vest-Telemark vidaregåande skular, lensmannen og leiande helsesøster.

Ungdomsmiljøarbeidar

Ungdomsmiljøarbeidaren 16-19 år, saman med kulturkonsulent, barnevernleiar og leiande helsesøster.

Krisegruppa

Krisegruppa i kommunen med tanke på barn.

Barneavdelinga ved Sykehuset Telemark

Barnevdelinga ved ST - Sykehuset Telemark. Barnelege frå barneavdelinga, kjem til Tokke 2 gonger i året, kalla områdepediatri. Legen undersøker barnet etter avtale og gir råd og rettleing til lokalt helsepersonell.

Opptrappingsplan for psykisk helse

Det er nasjonal satsing ut 2010 for å gi barn og unge med psykososiale vansker betre hjelp. I Tokke er leiande helsesøster kontaktperson for lokal satsing. Helsestasjonen er hovedsatsingsområde for barn og unge, nasjonalt og lokalt. Helsestasjonen er kontaktledd til Barne- og ungdomspsykiatrien - BUP- Notodden, og hjelper til med å avklare og samordne henvisninger og ha oversyn over saker som skal følges opp lokalt.

Sist oppdatert 11.04.2011