Svar på aktuelle spørsmål:
Kven kan få økonomisk sosialhjelp?
Økonomisk sosialhjelp er regulert i Lov om sosiale tenester §5. Utgangspunktet for denne lova er at kvar einskild fyrst skal utnytte eigne mogelegheitar eller hjelpeordningar for å kunne forsørgje seg sjølv. Når alle andre utvegar er utnytta fullt ut, men ikkje strekk til, har den som ikkje kan sørgje for sitt eige livsopphald krav på økonomisk stønad.
Med unntak for personar i institusjon skal sosialtenesta yte stønad til alle som oppheld seg i kommunen. Dette vert nærare regulera i Lov om sosiale tenester §10.
Korleis søkjer ein om sosialhjelp?
Du må fylle ut eit søknadsskjema. Det kan du få ved å ringe Nav på tlf. 35 11 37 00 eller ved å møte opp på NAV Tokke. Då vil personale ev. kunne hjelpe til med utfylling av skjemaet.
Alle inntekter, utgifter, gjeld og formue må dokumenterast.
Du må leggje ved dokumentasjonen, dette kan vere kvitteringar, stadfesting, kontrakter mm.
Utan rett dokumentasjon kan ikkje kontoret handsame søknaden, og saka di vert forsinka.
Søknaden skal fyllast ut så nøyaktig som mogleg.
Som hovudregel skal søkjaren sjølv skaffe rett dokumentasjon.
Dette vil spare tid for sakshandsamar slik at søknaden kan bli raskt handsama.
All hjelp skal som hovudregel ta sikte på å hjelpe deg til å bli økonomisk sjølvstendig.
Må eg fylle ut heile søknadsskjema?
Nav Tokke, sosial pliktar å sørgje for at ein søknad om økonomisk stønad er så godt belyst som mogleg. Med dette meiner ein at vi må gjera ein nødvendig undersøking av ditt behov, samt sjekke kva for moglegheit du har for å klare deg sjølv. Dersom du søkjer hjelp pliktar du å informere og dokumentere alle opplysningar som er relevante for handsaminga av søknaden din.
Dersom søknaden manglar nødvendig informasjon vil vi enten kalle deg inn til samtale eller sende eit brev der vi etterlyser rett dokumentasjon. Dersom dette ikkje blir levert eller du tek kontakt innan fastsett frist vert søknaden returnert/avslått.
Merk at for ektepar eller sambuarar med felles søknad skal begge sine inntekter/utgifter dokumenterast.
Dersom du er usikker på kva for opplysningar vi treng – ta kontakt med sosialkontoret.
Ufullstendige søknader tar lenger tid, så prøv og ver nøyaktig og send inn søknaden i god tid dersom det er mogleg.
Vert opplysningane i søknaden kontrollera?
Når Nav Tokke handsamar søknaden, vil kontoret kontrollere opplysningane i søknaden mot vedlagde dokumentasjon.
Nav Tokke vil be deg om samtykke for å kunne kontrollere opplysningane mot andre offentlege registre, som til dømes folkeregister, likningsregister, bilregister, arbeidsgjevar/arbeidstakerregister, trygderegister - og andre.
Kor lang er behandlingstida for ein søknad?
Når Nav Tokke har fått inn ein søknad som er ferdig dokumentera er behandlingstida ein til to veker. Søknader om krisehjelp/naudhjelp vert i regelen handsama same dagen, eller seinast neste arbeidsdag.
Når kan eg søkje naudhjelp?
Nav Tokke kan yte naudhjelp (økonomisk stønad/lån) dersom det har oppstått ein akutt situasjon, (td. vold, mishandling, ulykke og brann eller andre situasjonar der born er skadelidande).
Nav Tokke vurderer om det er behov for øyeblikkeleg hjelp/naudhjelp. Du vil normalt ikkje få naudhjelp ved vanlege og forventa utgifter. Dette er utgifter du bør søkje om i god tid dersom du skjønnar at du ikkje vil klare det.
Kva er livsopphald?
Det er meininga at økonomisk stønad i form av av bidrag eller lån til livsopphald skal dekkje alle vanlege utgifter til:
- Mat og drikke
- Helse og hygiene
- Leik og fritid
- Hushaldartiklar
- Aviser, tv og telefon
- Reiser og transport
- Særkostnader som einsleg forsørgjar.
Denne hjelpa vil variere noko etter storleiken på familien, utgifter og inntekter osb.
Kan eg søkje stønad til buutgifter?
Ein kan søkje særskilt om stønad til buutgifter. Som buutgifter reknast:
- Husleige
- Renter og avdrag på lån til bustad.
- Straum
- Bustad/innbu - forsikring
- Kommunale avgifter.
For at navkontoret skal ta omsyn til buutgiftene må dei vere rimelege i høve til storleik på familien. Dette kan fråvikast i spesielle situasjonar.
Økonomisk sosialhjelp som bidrag eller lån?
Bidrag:
Økonomisk stønad (sosialhjelp) blir vanlegvis gjeve som bidrag. Det vil sei at pengane IKKJE skal betalast tilbake.
Lån:
Sosialhjelp kan og bli gjeve som lån, men kriteria er dei same som for bidrag.
Det er IKKJE lettare å få lån enn bidrag.
Det som avgjer om stønaden skal utbetalast som lån eller bidrag er din betalingsevne for ei eventuell tilbakebetaling. Dersom det er eit vanleg lån du ynskjer må du få dette gjennom ein bank.
Kva skjer dersom min økonomiske situasjon vert endra?
Den økonomiske stønaden er behovsprøva, du må difor gje beskjed dersom det skjer endringar i din økonomiske situasjon (inntekter/utgifter/formue).
Tilbakebetalt skatt vert rekna som ei inntekt, og vil bli tatt med i framtidige utrekningar for sosialstønad. Nav kontoret har ikkje moglegheit til å trekkje skattepengane dine direkte inn.
Finns det nokre vilkår/betingelsar knytt mot sosialhjelp?
Utgangspunktet for å yte økonomisk stønad er regulert i Lov om sosiale tenester. Utgangspunktet for denne lova er at kvar einskild fyrst skal utnytte eigne moglegheitar eller hjelpeordningar for å kunne forsørgje seg sjølv. Når alle andre utvegar er utnytta fullt ut, men ikkje strekk til, har den som ikkje kan sørgje for sitt eigeg livsopphald krav på økonomisk stønad.
Det kan setjast vilkår for tildeling av økonomisk stønad. Vilkåra skal ha klar samanheng med vedtaket, og ikkje urimeleg avgrense stønadsmottakarens handle- eller valfridom.
Slike vilkår kan t.d. vera at:
-du må vera tilmeldt aetat eller taka imot tilvist arbeid
-du må ta del i kvalifiserings- eller kompetansegjevande arbeid
-du må byte til rimelegare bustad
-du må møte til rettleiingsamtaler på sosialkontoret
-du må la deg vurdere av yrkesrettleiar
-du må innleie forhandlingar med kreditorar for å oppnå gunstigare nedbetalingsordningar
Sosialhjelpssatsar for levekostnadar i Tokke kommune
|
Einslege |
kr 4 600 |
|
Ektepar/samboarar |
kr 7 650 |
|
Person i bufellesskap |
kr 3 825 |
|
Born 0-5 år |
kr 1 760 |
|
Born 6-10 år |
kr 2 330 |
|
Barn 11-17 år |
kr 2 930 |
Husleige og straum kjem i tillegg til satsane over.
- Utgifter til samvær med eigne born er ikkje pliktmessig yting, men ein vil kunne yte stønad til dette etter nærare vurdering. For å kunne ta stilling til om ein skal yte stønad må det leggjast ved ei samværsavtale av nyare dato, underteikna av begge foreldra.
- Lommepengar til personar i institusjonar vert ytt med ¼ G pr. mnd.
* Til heimebuande ungdom kan ein gje stønad til kost og losji etter rekning med inntil kr. 2 370,- pr. månad.
Bustønad frå Husbanken
NAV Tokke har ansvaret for bustønad i kommunen. Frå og med september -07 er det innført månadlege vedtak i bustønaden. Søknadsfrist er den 14. i kvar månad og situasjonsdatoen er den 1. i kvar månad. Vedtak/utbetaling vert sendt søkjar ca. 10. i månaden etter. Får du innvilga bustønad treng du ikkje søke på nytt. Unntak er dersom du har flytta i løpet av terminen.
Søknadsskjema får du ved å henvende deg til NAV Tokke. Ved andre spørsmål kan du ta kontakt på tlf. 35 11 37 00.
Meir generell informasjon kan ein få ved å ringe husbankens automatiske informasjonstelefon på 815 33370 eller gå inn på Husbanken sine heimesider www.husbanken.no
Teieplikt
Alle tilsette ved navkontoret har teieplikt. Med det meiner ein at vi ikkje kan gje opplysningar om dine personlege forhold til andre utanfor kontoret.
Vi kan heller ikkje opplyse nokon om at du er brukar av navkontoret eller at du er mottakar av stønad, dvs at me ikkje kan røpe eit klientforhold. Men søkjar vil med si underskrift gje oss fullmakt til å hente opplysningar frå andre offentlege etatar slik at søknaden vert rett handsama. Det er og mogleg å gje navkontoret fullmakt til å innhente informasjon frå andre enn offentlege kontor. Dette ynskjer vi i tilfelle og snakke med deg om fyrst.
Klage
Alle vedtak (enkeltvedtak) kan ein klage på.
Klaga skal vera skriftleg, sei noko om kva ein klagar på og kvifor ein er ueinig.
Navkontoret kan hjelpe deg med å formulere/skrive klaga.
Du kan og klage dersom du synes du får dårleg behandling ved kontoret.
ALLE klager skal sendast til sosialkontoret.
Klagefrist er 3 veker frå du mottok vedtaket.
Slik vert klaga handsama:
Dersom navkontoret opprettheld vedtaket du klagar på, vil saka gå vidare til klientutvalet. Dersom dei opprettheld avslaget vert vedtaket vidaresendt til Fylkesmannen i Telemark. Fylkesmannen har det endelege og avgjerande ord i saka, dvs at du ikkje kan klage på vedtaket frå Fylkesmannen
Alle vedtaka frå Fylkesmannen blir gjevne skriftleg og med grunnlag for avgjerda.
Vi gjer Dykk merksame på at handsaminga av klager hjå Fylkesmannen kan ta noko tid.
Sist oppdatert 24.11.2007