Heimehjelpstenesta
Heimehjelpstenesta ligg under same avdeling for heimebasert omsorg.
Heimehjelpa gjev tilbod om:
- husvask
- matlaging
- sosial kontakt
- samt ein del andre oppgåver
Dei fleste brukarane har 2 timar heimehjelp kvar veke til vanleg husvask og liknande oppgåver.
Det vert laga einskildvedtak på tenestene etter lov om sosiale tenester § 4.
Me kan etter lova og i kortare periodar setje inn ekstra hjelp i heimen ved vanskelege situasjonar.
Vedtak vert gjort etter skriftleg søknad.
Avd.leiar: Anne Østenå, telf 35 07 55 00 (e-post: plo@tokke.kommune.no)
Sist oppdatert 24.11.2007