Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Helse, omsorg og sosial / Omsorgstenester / Heimesjukepleia

Heimesjukepleia

Heimesjukepleia ligg under avdeling for heimebasert omsorg i pleie- og omsorgsavdelinga. Heimesjukepleia gjev tilbod om desse tiltaka etter lov om helsetenesta i kommunane (tenestene er gratis):

  • Hjelp med opplæring i praktiske gjeremål i heimen 
  • Hjelp til personleg hygiene 
  • Hjelp til å koma opp om dagen 
  • Hjelp til å leggje seg om kvelden
  • Tilsyn dag/kveld/natt 
  • Bading / dusjing 
  • Dosering av medisin 
  • Injeksjonar, sårskift og i nokre høve blodprøvetaking 
  • Oppfylging av medisinsk behandling/kreftpasientar 
  • Tilrettelegging og tilpassing av hjelpemiddel 
  • Vurdering av pasientar

Mange av brukarane av heimesjukepleia er faste brukarar som har mottatt hjelp over fleire år, medan andre har hjelp i ein kort periode. Avdelinga må ofte sette i gong hjelp på kort varsel. Det vert gjort vedtak på all hjelp som vert gjeven. Dei fleste av desse har heimehjelp og.
Nokre brukarar har tilbod om hjelp fleire gonger i døgnet, medan andre har tilbod om t.d. bading ein gong i veka eller sprøytesetjing ein gong kvar tredje månad. Heimesjukepleia køyrer ut varm middag til dei som har trong for det.
Kommunen har ein ” kreftsjukepleiar ” som har oppfylging av kreftpasientar.

Heimesjukepleia har ansvaret for at det vert montert tryggleiksalarmar, og rykkjer ut på dei om ikkje kontaktpersonane er å få tak i. Om natta er det nattevakta på omsorgssenteret som rykkjer ut.

Avdeling for heimebasert omsorg har kontor på Tokke helsesenter på Dalen. Leiar er avd spl Anne Østenå telf.: 35 07 55 00 (e-post: plo@tokke.kommune.no )

Heimesjukepleia har tilbod om aktiv teneste på dag og kveldstid.

  • Dagvakt kl. 08.00 - 15.30 
  • Kveldsvakt kl. 15.15 - 22.00


Sist oppdatert 24.11.2007