Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune

Omsorgssenter

Tokke omsorgssenter ligg i Dalen sentrum og har 15 bustader. Alle bustadane har eit lite kjøkken og bad / toalett. Om det er ynskjeleg kan 5 av bustadane utvidast med eit ekstra rom, slik at dei vert store nok for ektepar.

Tokke omsorgssenter er ikkje ein sjukeheim, men ei samling av kommunale bustader med fellesareal. Bebuarane betalar husleige og har abonnement på heimetenester. Dei som ynskjer det kan kjøpe alle måltida, som serverast i fellesarealet. Omsorgssenteret er bemanna heile døgnet. Bustadane vert tildelt etter sosialtenestelova. Dei som vert tilldelt bustadane må ha trong for ein tilrettelagt bustad og ha trong for nattevakt og auka hjelp i det daglege.


Søknader om bustad ved Tokke omsorgssenter vert handsama i tiltaksnemnda, som har møte
kvar tysdag.

Fylgjande personar sit i nemnda:

  • Tilsynslege 
  • Avd.leiar ved sjukeheimen 
  • Avd.leiar i heimesjukepleia 
  • Avd.leiar ved omsorgssenteret 
  • Fysioterapeut 
  • Ergoterapeut 
  • Sekretær ved plo. Avdelinga 
  • Andre fagpersonar vert innkalt om det er trong for det.

Husleigeprisar frå 01.01.07: Omsorgsbustadene v/Tokke omsorgssenter: kr 3 892 pr mnd. Ekstrarom kr 446 pr mnd.

Sist oppdatert 30.11.2007