Fritidstilbod
Som i dei fleste distriktskommunar finst det også i vår kommune ei rekkje ulike friviljuge lag og foreiningar som dekkjer langt på veg dei fleste særinteresser både for unge og eldre. Oversikt finn du her.
Kommunal ungdomsklubb:
Dalen ungdomsklubb
Kommunalt ungdomshus på Dalen; Elvarheim som har lokale for ungdomsklubben, diskotek og rockeverkstad. Opningstider m.m. finn du her.
Bygdekinoen.
Framsyning annankvar veke på Dalen og i Høydalsmo. Kva som vert vist på kino finn du her.
IDRETT OG FRILUFTSLIV
Kommunale idrettsanlegg:
Bruk av idrettsanlegga/bygga til idrett/trim er gratis for alle.
|
Høydalsmo |
Fotballbane, gras |
60x90 |
|
|
Friidrettsbane, grus |
|
|
|
Fotballøkke |
|
|
Dalen |
Fotballbane, gras |
64x100 |
|
|
Fotballbane, grus |
40x60 |
|
|
Fotballbinge |
|
|
|
Friidrettsbane (ikkje rehabilitert) |
|
|
Lårdal |
Fotballbane, grus |
30x65 |
Åmdals Verk har idrettsbane for fotball og friidrett som Åmdal IL eig.
Skianlegg: Huka hoppanlegg og Høydalsmo langrennsarena.
(Høydalsmo IL arrangerte NM på ski, nordiske greiner, i 2001.)
Alpinbakke på Hallbjønnsekken (på Skafsåheia mot Setesdal).
Badeplassar:
|
Lårdal: |
Bakkestrondi, Laugevatn og Heimdalshylen |
|
Høydalsmo: |
Oftevatn |
|
Eidsborg: |
Eidsborgtjønni |
|
Mo: |
Mosvatn |
|
Dalen: |
Tippen |
|
Skafså: |
Persodde |
|
Åmdals Verk: |
Lykkahylen |
Skjotebanar:
Koren i Mo/Byrte
Høydalsmo
Tokkehallen (innandørs)
Motorcrossbane:
Styggedal i Høydalsmo
Koldkinn i Skafså
Idrettshall:
Dalen: Tokkehallen
(hall som kan delast i 3, styrketreningsrom, møte/klasserom og klatrevegg).
Skjotebane i andre høgda (bak tribunene) som er eigd og blir driven av Tokke skyttarlag.
Symjehallar:
Det er symjehallar på Dalen (nyrenovert) og i Høydalsmo.
Turvegar i Tokke kommune
Tokke har mange godt merkte turstigar frå 3-4 km til 12-15 km, gjerne lagt i tilknyting til ulike kulturminne. Stigane går både i lågland og til høgfjell og dei er å finne i alle delar av kommunen.
Me har og naturstigar med informasjonstavler i Lårdal, på Dalen, i Skafså og på Grimdalen.
Den mykje omtala Pilegrimsvegen som går frå Seljord til Røldal har Telemarkskanalen linka seg på. Denne vegen går frå Dalen om Eidsborg over til Ravnejuv og så opp til Grønliheia der han møter ruta som kjem frå Seljord.
Nokre av DNT sine turvegar går innom kommunen. Turistkontoret har informasjon om DNT og dette løypenettet.
Natur- og kulturkart med innteikna turstigar er å få på turistkontoret. Dei kan og fortelje deg meir om kvar enkelt turveg.
Jakt og fiske.
Det beste fisket finn ein i Bandak. Det er eitt fiskekort for Bandak og Tokkeåi vest. I tillegg til dette er det fiskekort i Hovden-Ljosdalsvatn og på Vistadheia. Elles i Tokke må ein høyre seg føre, men generelt er det lite press på det å fiske. Det vert sjeldan påtala dersom ein fiskar med stong i småvatna. Det er mest vanleg å få aure og tryte/abbor i småvatna.
I Tokke jaktar ein elg, hjort, rådyr, bever, villrein (for tida freda) og småviltjakt på skogsfugl og hare og rupe i høgfjellet. Det er ikkje noko organisert sal av jaktkort i kommunen. Ein må ta direkte kontakt med grunneigaren. Det er likevel store sjansar for å skaffe seg jakt dersom ein tek kontakt.
Sist oppdatert 23.11.2007