Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Kultur og fritid / Vernepris

Vernepris

VERNEPRISEN

Tokke kommune har vernepris som kan delast ut kvart år.
Målet med prisen er å stimulere eigarar av eldre kulturhistorisk og arkitektonisk verdfulle bygningar, bygningsmiljø og andre verdfulle kulturminne til auka vern og vedlikehald av desse.
Vedtekter for verneprisen finn du her.
Verneprisen vart oppretta i 1992 og til no har desse fått han:

1992:

Gunnar Blomhaug for restaurering av Kaffistova på Dalen, no Blomsterbua.

1994:

Borghild og Trygve Landsverk for restaurering av Ovastraum i Lårdal.

1996:

Evelyn og Bjørn Andersson for restaurering av Myrrinden ( Villaen ) i Eidsborgbergi, Dalen.

1997:

Gunn Siri og Bjørn Joar Vindal for restaurering av huset Dalstrøm i Skafsåbergi, Dalen.

1999:

Else Veum for restaurering av våningshuset på garden Klauvreid på Austheii, Skafså.

2000:

Nora Vinjerui og Geir Ekre for restaurering av ”Vinjeruihuset” (sylvsmedforretningi) på Dalen og Sigrunn Skare og Knut Gaastjønn for restaurering av Barsgårdhuset på Dalen.

2001:

Ikkje delt ut.

2002:

Anne og Torgeir Midjås for restaurering av husi på fjellgarden Ripilen i Mo og Tone og Kjell Storøygard for restaurering av huset Lunden på Dalen, tidlegare nytta som bl.a. lensmannsarrest på Nigard Dalen.

2003:

Ikkje delt ut.

2004:

Else Veum og Olav Ivar Dalen for restaurering av eldhus og utedo på Klauvreid.

2005:

Marit og Sigmund Vistad for restaurering av 'Dittmerhuset' på Dalen

2006:

Annlaug Engedal og Åge Kjestveit for restaurering av støylen Kuskar

2007:

Ikkje delt ut.

KULTURPRISEN

Tokke kommune har kulturpris som kan delast ut kvart år. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag som har tilhald i Tokke kommune, eller som elles er knytt til kommunen, og som har gjort / gjer ein innsats ut over det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.
Vedtekter for kulturprisen finn du her.
Desse har fått kulturprisen i Tokke:

1981:

Tarjei Haugo og Nils K. Lio d.e

smedarbeid

1982:

Olav Grimdalen

ålment kulturarbeid og lagsarbeid.

1983:

Bjarne Herrefoss

hardingfelespel.

1984:

Kjell Stahl

korps, kor og musikkliv elles.

1985:

Ingebjørg Tveito

skrivearbeid , dikt m.m.

1986:

Tokke husflidslag og Mo og Skafså bondekvinnelag

lagsarbeid

1987:

Birger Bastiansen

kartlegging av gruver og Åmdals Verk Gruver.

1988:

Ingerid og Kjell Fosli

sundagsskulearbeid.

1989:

Gunnar Aalandslid d.e. og Kristi Underdal

husflidsarbeid.

1990:

Magnhild Gaastjønn og

Margit Bergland (Dalen )

bunadsarbeid m.m. / skriving.

1991:

Margit og Aslak Aasland

felespel, skriving og husflidsarbeid.

1992:

Klas Vistad

kveding, lagsarbeid og ålment kulturarbeid.

1993:

Arne O. Lie

lagsarbeid, skriving og ålment kulturarbeid.

1994:

Nemnda for Åmdals Verk Gruver

oppbygging av gruvemuseet på Åmdals Verk.

1995:

Arthur Haugen

sundagsskulearbeid.

1996:

Gunvald Solberg

Huka hoppanlegg i Høydalsmo.

1997:

Reidun og Finn Abrahamsen

speidar- og ungdomsarbeid.

1999:

Tokke trekkspelklubb

underhaldning og musikkglede i kvardagen

2001:

Aanund Fles og Else Heimdal

dugnadsinnsats Åmdals Verk Gruver og lagsarbeid / sundagsskulearbeid, lagsarbeid og song

2003:

Olai Lie

Den eldste skihopparen i verdi.

2005:

Ivar Haukelidsæter

Ruiplassen

2006:

Zbigniew Radziej

musikklivet i Tokke

2007:

Dagfinn Midtbø

kulturarbeid, særskilt Grimdalstunet og Tokke historielag

2008:

Arne T. Aabø generelt og allsidig kulturarbeid.  Aktiv folkemusikar, skribent og  idrettsutøvar, mellom anna.

2009:

Torgrim Otterholt generelt kulturarbeid, men spesielt for arbeidet for Lårdal Bygdemuseum, seinare Vest-Telemark Museum,  i støttelaget og som styreleiar i ei årrekkje.

2010:

Oddvar Byggland dugnadsarbeid ut over det vanlege i Høydalsmo IL i over 50år.

Sist oppdatert 12.01.2011