Vedtektene for kulturprisen i Tokke
(Endra i kulturutvalet 25.10.05)
- Tokke kommune sin kulturpris er på kr 10.000,- Med prisen fylgjer eit minnediplom.
- Prisen kan delast ut kvart år dersom kulturutvalet har verdige kandidatar. Prisen skal vanlegvis ikkje delast, men om det vert gjort, skal prissummen til kvar prisvinnar vere som i punkt 1.
- Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag som har tilhald i Tokke kommune, eller som elles et knytt til kommunen, og som har gjort/gjer ein innsats ut over det vanlege innafor det utvida kulturområdet.
- Einskildpersonar, lag og organisasjonar kan annakvart år innan 15.mai sende inn framlegg på kandidatar. Prisen skal lysast ut i år som sluttar på oddetal (2001, 2003 osv.) Dette skal kunngjerast i pressa i god tid (om lag 20. april). Dersom framlegget kjem frå eit lag eller ein organisasjon, skal dette underskrivast av leiaren eller den som har fullmakt på vegne av laget/organisasjonen.
Kulturutvalet skal ikkje taka omsyn til anonyme framlegg. Framlegg som kjem etter at fristen har gått ut, skal ikkje takast med. Medlemer av kulturutvalet kan koma med framlegg på prisvinnar, men også desse skal sendast skriftleg til rett tid.
- Det er kulturutvalet som gjer vedtak om kven som skal få prisen. Leiaren i kulturutvalet er ansvarleg for utdelinga som skal gå føre seg på kulturdagen i Tokke. Vedtaket i kulturutvalet om kven som skal få kulturprisen, er offentleg straks vedtaket er gjort og bør gjerast kjent i pressa.
Praktiske endringar gjort administrativt 14.05.09:
· Datoen for innsending av framlegg endra frå 15. mai til 01. mai.
· Datoen for kunngjering endra frå 20. april til om lag 01. april.
· Kulturdagen i Tokke endra til ein av kulturdagane i Tokke.
Sist oppdatert 15.05.2009