VEDTEKTER FOR VERNE/RESTAURERINGSPRISEN I TOKKE
(handsama i kulturutvalet 19.10.99, endra i møte 10.09.02)
- Målet med prisen er å stimulere eigarar av eldre kulturhistorisk og arkitektonisk verdfulle bygningar, bygningsmiljø og andre verdfulle kulturminne til auka vern og vedlikehald av desse.
- Prisen kan gjevast til ein eller fleire personar eller institusjonar som har drive systematisk vedlikehald eller sett i stand bygningar/kulturminne etter antikvariske retningsliner.
- Bygningar og andre kulturminne som er sett i stand vesentleg med offentleg innsats, bør vanlegvis ikkje vera aktuelle til prisen. Ved vurdering av bygningar og bygningsmiljø skal det leggjast vekt både på utvendige og innvendige kvalitetar.
Ved tilbygg skal det leggjast vekt på at tilbygget er tilpassa, og står i stil, til den opphavelege bygningen
- Gjennom pressa skal det gjerast kjent at me ynskjer framlegg på kandidatar med tidsfrist for innsending til kulturutvalet. Framlegga skal vera skriftlege, grunngjevne og med underskrift av forslagsstillaren.
- Kulturutvalet er fast verneprisnemnd i Tokke . Utvalet kan knyte til seg ein bygningskyndig person med særleg kompetanse når det gjeld restaurering av verneverdige bygningar for å gje råd og rettleiing.
- Prisen kan delast ut ein gong i året så sant nemnda finn ein verdig kandidat mellom dei innkomne framlegga. Prisen skal vanlegvis ikkje gjevast til meir enn ein kandidat, men kulturutvalet kan gjere unntak dersom det finn to likeverdige kandidatar. Prisen er likevel som i punkt 9, kr 10.000,- + plakett og diplom, til kvar.
- Dersom verne/restaureringsprisen eitt år ikkje vert delt ut, kan summen overførast til andre føremål innan kulturvernarbeidet i kommunen.
- Framlegg på aktuelle kandidatar må ha kome inn til kulturetaten innan fristen går ut, om lag 15. september. Kulturutvalet skal få saka til handsaming innan om lag 20.oktober. Prisen skal delast ut av leiaren i kulturutvalet på siste kommunestyremøtet i året.
- Prisen er på kr 10.000,- + plakett og diplom.
Sist oppdatert 14.01.2009