Avløysing i jordbruket ferie og fritid
Tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ei refusjonsordning der tilskotet vert utbetalt i etterkant etter søknad. Søknadsfrist fylgjer søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket 20.januar. 
Søknadsfrist vert kunngjort i dei større avisene.
Det er nye forskrifter og søknadsskjema for kvar søknadsomgang.
Forskriftene er utarbeidd i samsvar med siste Jordbruksavtale.
Skjema blir sendt direkte til dei som har søkt tidlegare, nye søkjarar får skjema hjå kommunal landbruksforvaltning. Søknad skal sendast til kommunal landbruksforvaltning som kontrollerer og godkjenner søknadene. Statens landbruksforvaltning sender utbetalingsskriv og overfører tilskotet til oppgjeven bankkonto. Eventuell klage skal sendast om kommunal landbruksforvaltning, men stilast til Fylkesmannen si landbruksavdeling som avgjer.
Avløysartilskot ved sjukdom og fødselspermisjon
Ved bl.a. sjukdom hjå brukar eller ved fødselspermisjon, kan ein leige avløysar å få utgiftene refundert etter visse satsar som er rekna ut frå tal dyr på bruket.
Kommunal landbruksforvaltning tek imot, kontrollerer og tilrår søknaden, Fylkesmannen si landbruksavdeling avgjer og betalar ut.
Forskrift om tilskot til avløysing.
Samarbeidspartnarar for avløysarordningane
Vest-Telemark Landbrukstenester(avløysarlaget); dagleg leiar Mona Heimdal, tlf. og faks 35077768
mobil: 47752916 e-post: vest.telemark@n-lt.no
VTL disponerar òg eigne avløysarar.
Rekneskapskontora; desse har vi fleire av i regionen.
Båe desse alternativa er gode å ha dersom ein treng hjelp med papirmølla i samband med dokumentasjon av avløysarutgifter.
Sist oppdatert 30.11.2007