Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Næring / Jordbruk / Kommunale tilskotsordningar

Kommunale tilskotsordningar

Tokke kommune har eigne tilskotsordningar for landbruket i kommunen. Desse ordningane vart seinast revidert hausten 2002, med verknad frå 01.01.2003.

TILSKOT TIL LANDBRUKSFØREMÅL I TOKKE

 

 

Vilkår for å få tilskot til skogbruk:

  • Må ha godkjend driftsplan for skogen
  • Alle arbeid skal godkjennast på førehand og det skal lagast godkjende planar av       næringsavdelinga før arbeidet startar, og tiltaket må vera ferdigstilt før tilskot vert utbetala.

Vilkår for å få tilskot til jordbruk:

  • Søkjar må bu fast på bruket.
  • Bruket må ha husdyrproduksjon
  • Må ha godkjend driftsplan for skogen
  • Minst 5-årig leigekontrakt for leigeareal det vert søkt støtte om.
  • Tiltaka må ikkje vere i strid med offentlege forskrifter.
  • Alle arbeid skal godkjennast på førehand og det skal lagast godkjende planar av næringsavdelinga før arbeidet startar, og tiltaket må vera ferdigstilt før tilskot vert utbetala.

 

Kva det kan gjevast tilskot til:

 

Ungskogpleie: 20% av godkjende kostnader.       

                 Skogbrukssjefen er ansvarleg for det faglege og kostnadane.

 

Skogsbilvegar: 10% av godkjende kostnader. Gjeld berre bilvegar.

                 Skogbrukssjefen er ansvarleg for det faglege og kostnadane.

 

Grøfting av innmark: Inntil 40% av dokumentert kostnad avgrensa til kr 1.700,- pr da.

                  Det skal føreliggje ein førehandsgodkjend plan frå jordbrukssjefen.

                  Det kan og gjevast 40% tilskot pr m grøft til hovudgrøfter etter dokumentert      

                  kostnad. Avgrensinga på kr 1.700,- gjeld også her. Det er jordbrukssjefen som  

                  godkjenner kostnadane.

Driftsbygningar til husdyrhald:  15 % av dokumentert kostnad, der minstegrensa for investeringane er sett til kr 50.000,-. Det vert ikkje gjeve tilskot før planane er godkjende av  landbruksforvaltninga i kommunen.

                  Det vert ikkje gjeve tilskot til opprusting som kjem som fylgje av        

                  manglande vedlikehald.

                  Tilskot til driftsbygningar har ei øvre kostnadsramme på kr 100.000,- over 10 år.

                  Det vil sei at ein kan få til ulike prosjekt i desse ti åra, men avgrensa oppover        

                  til kr 100.000,-.

 

Miljøtiltak:15% av godkjende kostnader. Det er ei minste grense på kostnadar på kr 50.000,-.

 

Mjølkeprodusentar: 50% av dokumentert kostnad til kjøp av mjølkekvote.

                  Vilkåra er at dersom du sluttar med mjølkeproduksjon eller sel kvota innan fem år

                  etter  kjøpet, så må du betale tilbake tilskotet.          

 

Tilskot til veterinær: Det er eit tilskot til veterinærane for køyring inntil 20 km som staten  

                  ikkje dekkjer.

 

 

Dyrking: Tilskotet går generelt ut. Det vert likevel høve til å søkje ved bruksutbygging.

                 Satsane vert då 50% av dokumentert kostnad, avgrensa til kr 3.000,- pr da.

                 Ei slik utbygging skal til formannskapet for godkjenning. Dei kan gjeva eit slikt        

                 tilskot dersom dei finn det fagleg rett. Det er ikkje regelen at eit slikt tilskot skal

                 gjevast.

Sist oppdatert 27.11.2007