Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Næring / Jordbruk / Økonomiske fagmidlar i landbruket

Økonomiske fagmidlar i landbruket

Dette er statlege tilskotsmidlar som vert fordelt til kommunane og forvalta av kommunane. Administrasjonen saman med organisasjonane i landbruket set kvart år opp eit tiltaksstrategi for bruken av midlane. LMU godkjenner strategiplanen. Pengane vert fordelt på tiltak både innan skog og jord.
Kommunal landbruksforvaltning avgjer søknadane og Fylkesmannens landbruksavdeling betalar ut tilskot.

Kulturlandskapstiltak - SMIL
Uttrykket står for ”spesielle miljøtiltak i jordbruket”.

Dette gjeld bl.a. rydding og stell av kulturlandskap, inkl. freda og verneverdige bygningar. Her finn du både forskrift og søknadsskjema. Investeringstiltak til organisert beitebruk

Dette gjeld tilskot til organiserte sankelag/beitelag for sau og er eit eingongstilskot til investeringar i beitefelt, t.d. sperregjerde mot område der ein ikkje ynskjer at sauen skal gå. Kommunal landbruksforvaltning tek i mot og avgjer, Fylkesmannens landbruksavdeling betalar ut.

Vi har 3 søknadsfristar på desse midlane: 1. mai, 15. august og 1. oktober.

Sist oppdatert 27.11.2007