Motorferdsel snoskuter
Du må søkje skrifteleg på eige søknadsskjema som du får ved å vende deg til kommunen eller du finn det på nettet. Kart med innteikna ferdselsrute skal alltid fylgje søknaden. Ein må òg ha løyve frå grunneigar.
Løyve kan søkjast etter §§ 5 og 6 i den nasjonale forskrifta. Søknadar etter § 5 er delegert næringsavdelinga medan søknadar etter § 6 handsamast av Landbruk – Miljø – og Utmarksutvalet (LMU).
For å lette kontrollen med snøskuterkøyringa er det innført ei oblatordning. Løyvet er gyldig i ein 1 – 3-årsperiode og ein får med ein oblat med nummer som skal limast på skuteren. Oblaten er berre eit bevis på at ein har eit løyve. Det er det skriftlege løyvet som alltid må vere med i skuteren for at ein køyrer lovleg. Oblaten kostar kr. 400,-.
Grunneigarar som køyrer i jordbruk/skogbruksnæring treng ikkje å søkje om løyve. Naudsynt person- og godstransport i primærnæringane er heimla direkte i Lov om motorferdsel i utmark § 4. punkt c.
Særskilt for køyring på barmark
Det er ikkje gjeve opning for løyve til køyring på barmark, anna enn det som er direkte heimla i lovverket, jfr. § 1.0 i føresegnene.
Sist oppdatert 30.11.2007