Utmark vilt og fiske
Fagansvarleg: Skogbrukssjef Sverre Bakke
Tokke kommune skal arbeide for å fremme ei berekraftig forvaltning av vilt- og fiskeressursane i kommunen. Vidare skal kommunen gjeva forvaltning, organisasjonar, verksemder og personar rettleiing og råd i saker om vilt- og fiskeforvaltning.
Viktige oppgåver: 
- Fellingsløyve for hjortevilt og bever
- Rapportering av jaktstatistikk
- Organisering av ettersøk etter skada vilt
- Godkjenning av vald/jaktlag
- Søknad om tilskot frå det kommunale viltfondet
- Arbeide for ei betre organisering av fiske- og jaktressursane
Viltforvaltning:
Vakttelefon jegerkorpset:
Jegerkorpset har ein eigen telefon i samband med påkøyring av vilt og i samband med skadeskyting under jakt:
Tlf. 97689403
Dersom ein ikkje får kontakt her ringer ein
Småviltjakt:
Det er ikkje noko organisering av denne. Ein må kontakte aktuelle grunneigarar for kjøp av slikt.
Jakttider:
Dersom ein vil sjå meir på dette går ein inn på Lovdata.no - lokale forskrifter og hentar opp dei lokale forskriftene som gjeld i den aktuelle kommunen.
Fiskekort:
Desse fiskekorta er til sals:
- Bandak og austsida av Tokkeåi (Blir selt i turistinformasjon på Dalen. Frå 2008 vil ein selje i Lårdal også.)
- Vistadheia og vestsida Tokkeåi (Blir selt i turistinformasjon på Dalen)
- Hovdevatn og Ljosdalsvatn (Blir selt på Oftebui i Høydalsmo)
Lindeviki:
Tokke kommune eig ein eigedom på nordsida av Bandak om lag 10 km frå Lårdal. Her er ein teltplass og ei lita koie som ein kan overnatte i utan kostnader. Der er toalett og teltplass.
Kommuneskogen:
Tokke kommune eig skog fleire stader. Desse områda er med på elgjaktlag. Følgjande elgjaktlag er vi medlemmer av:
- Strandin i Lårdal -ca. 6500 da Frå Lårdal brygge og utover
- Holtenuten i Lårdal – ca 4200 da Frå Lårdal prestegard og oppover på vestsida av elva
- Nordbygda i Skafså- ca 40.000 da – Frå Holtebru mot Hallbjørnsekken
- Bergland i Åmdalsverk –ca 6000 da –Frå Bergland til Åmdalsverk
- Lauvikfjell i Skafså – ca 11.000 da- Svingen mot Bandak
Vi har areal oppe på Hallbjørnsekken . Kommunen leiger ikkje ut dette til jakt. Dette er friareal for turistutbygginga i området utan avgrensingar med jakt. Linkar til viktige lovar og forskrifter:
Sist oppdatert 13.01.2010