Skatt, gebyr og prisar
Kven gjer kva når det gjeld skatt og arbeidsgjevaravgift i Noreg?
Det er mange kontor som reknar ut skatten, krev inn skattar og avgifter, og handsamar klager. For å få ei betre forståing av dette har me laga dette oversynet.
Skal eg kontakte kommunekasseraren eller likningskontoret? Finn svaret her!
Nyttige lenker:
Skatteetaten - Treng du nytt skattekort? Bestill gjennom skatteetaten sine sider
Skatteetaten, meirverdiavgift - informasjon
Skatteetaten, skjema - her kan du laste ned skatteetaten sine skjema
Oslo kemnerkontor - nyttige opplysningar for næringsdrivande og andre skattytarar
Kommunal eigedomsskatt.
Tokke kommune har eigedomsskatt på verk og bruk (f.t 7 promille av takst). For betaling av dette, sjå Fristar og forfallsdatoar.
Kommunale avgifter og gebyr.
Kommunekasseraren er ansvarleg for innkrevjing av kommunale avgifter og gebyr.
Det er berre innkrevjinga som er lagt til kommunekasseraren. Fastsetjing eller ilegging av avgifter og gebyr høyrer ikkje inn under kommunekasseraren. Dersom du har spørsmål om, eller innvendingar mot, storleiken på avgifta eller gebyret, må du kontakte den aktuelle fagavdelinga.
Kommunen sine bankkontonummer.
Kommunen har ulike bankkontonummer for innbetaling, avhengig av kva som skal betalast.
For å betale ein faktura du har motteke, bruk bankkontonummer 1604.15.20446.
For å betale inn skatt (ikkje eigedomsskatt), bruk bankontonummer 6345.06.08337.
For anna innbetaling, bruk bankkontonummer 2685.07.02968.
Sist oppdatert 23.11.2007