Fristar og forfallsdatoar
Her finn du ein oversikt over forfallsdagar for betaling og andre fristar, til dømes innsending av terminoppgåver. Dei fleste fristar og forfall er ikkje fastsett av kommunekasseraren, men er bestemt i lov, eller fastsett av kommunestyret i Tokke. I dei tilfella fristen eller forfallet er på ein laurdag, sundag, heilagdag eller offentleg høgtidsdag, blir fristen utsett til den fyrste påfølgjande kvardag.
Ved for sein betaling kjem forseinkingsrenter i tillegg.
Plikta til å svare renter er lovfesta.
Personlege skattytarar.
Dette gjeld sjølvstendig næringsdrivande og lønsmottakarar som ikkje er undergjeve forskotstrekk.
Selskap
Dette gjeld aksjeselskap og andre som er fritekne for
innbetaling av forskotsskatt og for å bli undergjeve forskotstrekk
Arbeidsgjevarar
Dette gjeld fristar og forfall som har samanheng med at du har tilsette.
Kommunale avgifter
Dette gjeld renovasjon, vatn- og kloakk, feieavgift.
Betaling for kommunale tenester
Dette gjeld husleige, barnehage og SFO, heimebaserte tenester innan pleie- og omsorg.
Sist oppdatert 22.11.2007