Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Økonomi, skatt og avgifter / Økonomi / Økonomiplan / budsjett

Økonomiplan / budsjett

Budsjettet for 2008, samt økonomiplan fram til 2011.

Kommunelova pålegg kommunane å utarbeide ein økonomisk 4-årsplan som rullerast kvart år. I Tokke har me vald å la budsjettet vera det fyrste året i økonomiplanen. Føremålet med tvungen økonomiplan er at kommunen skal få sjå dei økonomiske konsekvensane for framtida av vedtak som vert gjort i budsjettet. Til dømes investeringsprosjekt kan gje lite økonomiske verknader i det året investeringa vert vedteke grunna at ho er finansiera ved låneopptak. Men når kommunen skal til å betala renter og avdrag samt andre driftsutgifter i samband med investeringa (til dømes eit nytt bygg), så ser ein dei reelle kostnadane med tiltaket. 

Tokke kommune vil i løpet av perioden 2006 til 2011 investere for nærare 180 millionar kroner, som krev låneopptak på omlag 160 mill kr. Av investeringsplan 2008 - 2011 (vedlegg 2 nedanfor) ser ein kva for prosjekt dette gjeld, men dei viktigaste er:

  • nytt kulturhus 70 mill kr
  • ny skjerma eining på sjukeheimen 32 mill kr
  • oppgradering av helsesenteret/sjukeheimen 5 mill kr
  • Ny Dalen barnehage 15 mill kr
  • oppgradering/vøling av Høydalsmo samfunnshus 11 mill kr
  • summen av mange mindre tiltak 45 mill kr

Ved å låne 160 mill kroner til 5 % rente og 20 års avdragstid så vert dei årlege budsjetta framover auka med 16 mill kr. Desse kapitalutgiftene kjem for alvor tilsyne i 2009. Dvs at 2008 er det seinste året med litt handlingsrom i økonomien.

Nokre stikkord til budsjettet for 2008 sett frå innbyggjarane si side:

  • kommunale avgifter og gebyr aukar med om lag 4 - 5 %. Eit unnatak er vatn- og avløpsgebyret som aukar med 10 %. Dei nye avgiftene finn du her.
  • det vert sett ned ei arbeidsgruppe som skal koma med forslag til reglar for tilskot til unge husbyggarar
  • trongen for nattpatrulje i eldreomsorga skal vurderast
  • opningstidene for det nye kulturhuset vert utvida, og det skal vurderast å auke aktiviteten generelt i samband med kulturhuset
  • tilskota til private grendehus aukar
  • det vert løyvd midlar slik at dei kommunale grendehusa i Høydalsmo, Lårdal, Åmdals Verk, Skafså og Byrte får kommunal vask. Lag og organisasjonar må framleis rydde etter seg, men finvasken tek kommunen ansvar for.
  • i samarbeid med fylkeskommunen vert det gjeve eit årleg driftstilskot til HUKA hoppanlegg på kr 100 000,- (kommunen og fylket delar  med 50 % på kvar)
  • det vert satsa på ny ljosløype på Åmdals Verk og hoppbakkane i HUKA
  • kommunestyret løyvde kr 75 000,- til innkjøp av spinningssyklar
  • til samfunnsutviklingsprosjekt i Høydalsmo vart det løyvd kr 300 000,-, der kr 80 000,- er øyremerkt ny rasteplass ved Oftevatn aust for servicesenteret.

 

Rullering av økonomiplan og årsbudsjett blir handsama i desembermøte i kommunestyret.

 

Økonomiplan 2008 - 2011 / årsbudsjett 2008:

Vedtak i kommunestyre 04.12.07:

Vedlegg 1:    Økonomiplan 2008 - 2011 (excel-fil)

Vedlegg 2:    Investeringsplan 2008 - 2011 (excel-fil) 

Økonomiplan 2007 - 2010 / årsbudsjett 2007:

Vedtak i kommunestyret 05.12.06

Vedlegg 1:    Økonomiplan 2007 - 2010(excel-fil)

Vedlegg 2:    Investeringsplan 2007 - 2010(excel-fil)

Sist oppdatert 27.02.2008