Dalen barnehage
Dalen barnehage ligg på Dalen, og har 5 avdelingar. Tre avdelingar er samla, 2 avdelingar ligg i to hus for seg omlag ein kilometer frå hovudbasen.
Avdelingane heiter Ulvehiet, Bjønnehiet, Revehiet, Gaupehiet og Jervehiet. Gaupehiet og Jervehiet ligg for seg sjølv på Tangane. I inneverande år er Gaupehiet og Jervehiet småbarnsavdeling.
Opningstid i barnehagen: Kl. 06.45 - 16.45.
Barnehagen er open 5 dagar i veka. Ein kan velgje tilbod frå 2 til 5 dagar pr. veke. Born kan og fylgje skuleruta med 10 mnd. betaling.
Alle barn må vera fylt 1 år når dei byrjar i barnehagen.
Det er 3 tilsette på kvar avdeling. Grunnbemanninga pr. avdeling er slik: Pedagogisk leiar, førskulelærar og assistent. Dersom det er barn med spesielle behov kan det vera spesialpedagog og fleire assistentar i avdelingane.
Styrar i barnehagen er Dagny E. Skjelbreid.
Telefonar til barnehagen / avdelingane:
Styrar / administrasjon: |
35 07 55 94 |
Gaupehiet: |
35 07 52 75 |
Bjønnehiet: |
35 07 55 92 |
Revehiet: |
35 07 55 91 |
Ulvehiet: |
35 07 55 93 |
Jervehiet: |
35 07 53 08 |
E-post: dalen.barnehage@tokke.kommune.no
Sist oppdatert 16.02.2011