VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE
Vedteke av Tokke kommunestyre i sak 053/88 med seinare endringar sist i sak 10/02 i Undervisningsutvalet.
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE.
Vedteke av Tokke kommunestyre i sak 07/ 038.
Eigartilhøve
- Tokke kommune eig og driv Dalen barnehage, Åmdals Verk oppvekstsenter, Lårdal oppvekstsenter, Høydalsmo barnehage og Byrte oppvekstsenter.
- Barnehagane er administrativt lagt til kultur og oppvekstetaten. Tiltak som vert regulert etter Lov om barnehagar ligg til kommunestyret, eller den kommunestyret gjev mynde til.
Retningsliner for drifta i barnehagane
- Barnehagane som er eigd av Tokke kommune skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar m.v. og dei føresegner og retningsliner som til ei kvar tid er fastsette av departementet, rammeplan for barnehagar og kommunale vedtak.
Kvar barnehage har eigen årsplan.
3a. Barnehagane som er eigd av Tokke kommune skal ha eit leike- og opphaldsareal som er: 4,5 m² for barn over 3år og 9m² for barn under 3år.
Føremål:
- Barnehagen skal gje barn eit godt miljø med vekt på leik og samvær med andre barn og med vaksne. Barnehagen skal medverke til å utvikle det einskilde barnet sin personlegdom, hjelpe barna til å utvikle evne til åndsfridom og toleranse, til å ha omsut for andre og gje høve til sjølvutfalding gjennom allsidige leike- og aktivitetstilbod.
Saman med heimen skal barnehagen skapa eit miljø som sikrar barna individuell og gruppevis omsut og støtte, stimulering, læring og etisk rettleiing.
Barnehagen skal bygge verksemda si på dei etiske grunnverdiane som er forankra i kristendomen. (Jf. Lov av 17.juni 2005 om barnehager).
Råd og utval.
- Samarbeidsutval.
Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.
Kvar barnehage / oppvekstsenter skal ha eit samarbeidsutval som er sett saman av
to representantar frå føresette, to frå tilsette og to frå eigar. For kvar representant skal
det velgast ein personleg vararepresentant.
Funksjonstida for representantane frå foreldre og tilsette er eit år, og fylgjer barnehageåret. Funksjonstida for representantar frå eigar fylgjer kommunestyreperioden.
Styrar/ rektor i barnehagen har møte- og talerett og rett til å koma med framlegg.
5a. Foreldreråd.
Kvar barnehage/oppvekstsenter skal ha eit foreldreråd. Foreldrerådet er sett saman av alle foreldre / føresette til barn i barnehagen. Foreldrerådet skal fremje samarbeidet mellom barnehagen og heimane.
Funksjonstida for foreldrerådet er eit år, og fylgjer barnehageåret.
Opptak i barnehagen.
- Søknad om opptak skal fremjast på eige skjema. Søknadsfrist er 28.februar. Søknader som kjem inn etter hovudopptaket vert handsama saman med dei som står på venteliste. Alle godkjente barnehagar i kommunen skal samarbeide om opptaket. Avgjerdsrett ved søknad om opptak er delegert til den einskilde barnehage / oppvekstsenter. Tildeling av plass i barnehage vert gjort skriftleg, og det er rett til å klage på avgjerda.
Opptaket fylgjer reglar i Lov om barnehager med forskrift.
Barn som har fått plass i barnehagen får denne til dei skal byrje på skulen, eller at plassen vert sagt opp.
Barnet må vera fylt eit år før det tek til i barnehagen.
Når eit barn fyller tre år vert det frigjort ein plass frå same dag.
6a. Prioritering ved opptak.
1. Barn med nedsett funksjonsevne (tilrådd av faginstans)
2. Barn som det er fatta vedtak på etter lov om barneverntenester §§ 4-12 anna og fjerde ledd.
3. 5- åringar.
4. Barn av einslege forsytarar, eller der ein av foreldra er vekependlarar.
5. Barn som har vanskelege leiketilhøve heime, eller ikkje har leikekameratar i nærleiken.
6. Under elles like tilhøve får det eldste barnet plass.
Dersom det er framleis er ledige plassar kan desse tildelast barn frå andre kommunar for eit år om gongen.
6b. Oppseiing av plass.
Tildela barnehageplass kan seiast opp med varsel på 30 dagar. Oppseiinga skal vera skriftleg. Det må betalast for plassen i oppseiingstida.
Kommunen kan seia opp plassen dersom føresette grovt eller gong på gong har forsømd pliktene sine etter dei retningsliner som gjeld for barnehageplassen.
Betaling.
7. Dersom ikkje anna er vedteke i lov fastset Tokke kommune foreldrebetaling i barnehagane. Fastsett opphaldsbetaling vert å betale etterskotsvis kvar månad.
Foreldre betalar for anten 10 eller 11 månader i året (lang eller kort sommarferie). Det vert ordinært ikkje gjeve fråtrekk for fråvær eller dei dagane barnehagen er stengd.
Utgifter til kost kjem i tillegg og er etter sjølvkostprinsipp.
Det kan søkjast om fritak for foreldrebetaling ved ein lengre sjukdomsperiode.
Det er 50% syskjenmoderasjon for 1.sysken, 60% for andre sysken og 80% for tredje sysken.
Det er høve til søke om friplass i barnehagen. Ein må då vende seg til sosialtenesta i kommunen.
Opningstider i barnehagane.
8. Dalen barnehage har ei opningstid frå kl. 0645 til 1645. Dei andre barnehagane har ei opningstid frå kl. 0700 – 1630. Alle barnehagar, unnateke Byrte og Lårdal, er open 5 dagar pr. veke. Byrte og Lårdal er open 3 dagar/veke.
Barnehagane er stengd jole- og nyttårseftan.
For at barnehagane i Tokke skal halde oppe i romjola og mellom palmesundag og skjærtorsdag må det minimum vera 4 barn påmeldt.
Dalen barnehage er open heile sommaren.
Lårdal oppvekstsenter, Åmdals Verk oppvekstsenter, Byrte oppvekstsenter, Høydalsmo barnehage og Høydalsmo sfo vert stengt 3 veker i juli månad dersom det er mindre enn 4 barn til stades. Barnehagar / sfo må så langt mogeleg prøve å slå avdelingar saman i feriane.
Alle barn skal ha 4 vekers ferie, 3 av dei skal vera samanhengande.
Kultur og oppvekstsjefen kan, i samråd med styrar / rektor, i særlege tilfelle gjera unntak frå regelen om 3 veker samanhengande ferie. Dette skal grunngjevast ut frå særskilde behov hos barnet.
Barnehagane har 5 planleggingsdagar i barnehageåret og er stengd desse dagane.
Internkontroll.
9. Barnehagane fylgjer Tokke kommune sine rutiner med internkontroll, med tilpassing til barnehagen si verksemd.
Sjukdom.
10. Barnehagen sin styrar / rektor avgjer om eit barn, på grunn av sjukdom, ikkje kan vera i barnehagen av omsyn til barnet sjølv eller dei andre barna (inntil ei veke).
Sist oppdatert 05.02.2009