Ny skulestruktur
Elevtalsprognose for skulane i Tokke 2010 - 2015
Korleis elevtalet utviklar seg i dei ulike skulekrinsane framover er eit viktig faktagrunnlag for skulestrukturvurderinga. Her finn du korleis elevtalsutviklinga ser ut no.
Mandat for arbeidet med vurdering av barnehage- og skulestrukturen
Kommunestyret vedtok 27.april 2010 mandat for arbeidet.
Innspel til skulestruktursaka
Innspel i samband med fyrste fase av skulestruktursaka kan sendast til Tokke kommune, 3880 Dalen eller obb@tokke.kommune.no
Fristen er utsett i 14 dagar frå 19.aug til 1.sept 2010.
Prosessplan skulestruktursaka
Det er laga ein prosessplan som omtalar meir i detalj korleis arbeidet skal gjennomførast. Planen er drøfta med Kultur- og oppvekstutvalet som referansegruppe.
Tilstandsrapport 2009
For fyrste gong er det laga ein tilstandsrapport for skulane i Tokke. Rapporten er handsama av kommunestyret 22.juni og inneheld samanliknande statistikk med andre kommunars grunnskuleverksemd. Rapporten finn du her.
Høyringsdokument ny barnehage og skulestruktur
I fyrste runde har det kome inn i alt 15 innspel til saka der 2 av innspela gjekk på medverknad frå arbeidstakarorganisasjonane og forslag om å utsetje fristen for 1.runde. Rådmannen legg med dette fram sine vurderingar og forslag til alternative endringar i form av eit høyringsdokument. Dette vert no presentera på foreldre/grendemøte i Høydalsmo 4.okt, i Byrte 5.okt, på Verket 6.okt. i Lårdal 7.okt og på Dalen (Tokke kulturhus) 18.okt.
Høyringsdokumentet finn du her.
Innspel i 1.runde
Det har kome inn 13 innspel til struktursaka. Du får dei fram ved å trykkje på dokumentet.
FAU Høydalsmo, FAU Lårdal, SU Lårdal, Elevrådet Lårdal, FAU ÅVOS, FAU Byrte, Liv og Ingunn Nygård, Grethe Vigdis Vindal Frantzen, Lårdal Vel, Torbjørn Vinjerui og Anne Marie Roholdt, Ingrid Grøstad Johnson, Dag Rune Sandvik, Marte Heggtveit.
Spørjeskjema
For å koma med innspel til høyringsdokumentet (sjå ovanfor) som no er lagt ut med høyringsfrist 21.okt, er det laga eit spørjeskjema som du kan laste ned her.
Du stend sjølvsagt fritt til å formulere ditt innspel som du ynskjer - skjemaet er berre tenkt som hjelp/støtte i dette arbeidet.
Sist oppdatert 27.09.2010