Løypelag
Skafsåheia Løypelag vart stifta våren 2006 med føremål å utvikle skiløyper på Skafsåheia. Det har vori stor interesse for å betre standarden på opp-køyrde løyper i området knytt til Hallbjønnsekken og området kring.
Ikkje minst har det vori stor oppslutning frå hytteeigarar og andre som nyttar området ved innbetaling av løypekontigent i 2008 sesongen på 300 kr.
Skiløyper som blir køyrt med løypemaskin og kan nyttast både til klassisk stil og skøyting (blå løype)
Ved inngangen til skisesongen 2008/2009 har Skafsåheia løypelag tilbod om ein 5 km med løypetrase med god standard langs vestsida av vegen. KAMBEN-løypa startar ved den nedre heisbua i slalomanlegget. Ny trasee blei laga i haustens dugnad (sjå kart). Traseen har og ein avstikkar til den lange parkeringa før Hallbjønnsekken feriesenter.
Traseen har tilknytning til ei 4 km lang løype som går fram til Hallbjønnsekken feriesenter på sydsida av vegen. Denne har fått navnet HALLBJØNN-løypa
Desse to trasear er tenkt oppkøyrt f.o.m 23/12 2008 til 02/01 2009 samt kvar laurdag og sundag f.o.m veke 2 t.o.m påske 2009, samt kvar dag i vinterferieveker og påskeferie.
Skiløyper som vert køyrd med snøskuter med klassisk trase.
Skafsåheia løypelag vil for 2008/2009 sesongen køyre Glosliløypa (brun trase på løypekartet). Denne traseen er på ca 8 km og vil ha tilkomsløyper frå Bosætoppen og Svivom/parkering på Fyråi (startpunkt til Fyrålomi). Traseen vil ha tilknytningar til svart løype (Kjøpsvassåsen / Førsvatn)
Traseen vert køyrd med snøskuter. Den skal køyrast i feriar og helger men ein tar atterhald om tilfredstillande vær- og føre.
Også denne sesongen vil Løypelaget være ansvarlig for at ”det gamle løypenettet” vert køyrd opp. Raud og svart løype (Kjøpsvassåsen/Fagerdalen). Atterhald om vær og føre. Dette vert køyrd med snøskuter/sporkall. Løypenettet vert preparert i helgene, vinterferie og påskeferie. Løypene vil ha klassisk trase.
Skafsåheia løypelag er ein frivillig organisasjon som er finansiert av Tokke kommune,Destinasjon Hallbjønn og frivillig kontingent frå hytteeigarar og andre interesserte.
For at løypelaget skal halde fram med dei aktivitetar me har i dag og legge til rette for nye skiløyper er ein avhengig av at hytteeigarar og lokalbefolkningen støtter opp om kontigenten på kr 300. Ny giroar for 2008/2009 sesongen vert sendt ut over nyttår. Du finn og giro på denne sida.
Er det noko du ynskjer å ta opp med løypelaget, eller har gode idear, så er du velkomen til å kontakte ein av oss direkte på telefon.
Me ynskjer deg god skitur. Hugs at me alle tar med søpla vår attende i sekken og at me syner omsyn der skiløyper og skutertrasear kryssar. Helsing Skafsåheia løypelag
