Aktivitetar

Hest i fokus! Foto: DøliHEST I FOKUS!
Opplev storslått natur frå hesteryggen. Variera og spanande ridestigar med utgangspunkt frå fjellgarden Døli. Familievenleg og tilpassa ut frå erfaring og alder. 2,5 timar – mat – drikke og fototenestar innlagt i turen. Kanskje årets julekortbilete finns i fjellsidene på Døli?

Maj-Lena og Jostein heiter verskapet på Døli i Skafså. Dei kan by deg på det meste av tilbod der hest er ein del av aktiviteten; rolege turar med hest og kjerre langs Bandak med mat og båttur inkludera, barneriding eller flotte turar i spanande terreng. Kosen rundt bålet høyrer sjølvsagt med.
Les ein av Jostein sine artiklar på www.hovdmyra.no under siste lokalnytt "En investering i livskvalitet".

Velkomen til ridning i Eidsborg Familieridning Tur til Ravnejuv

Tøffare enn Besseggen Foto: J.Kasin

LÅRDALSTIGEN
"TØFFARE ENN BESSEGGEN"
I 2008 opna denne fantastiske turvegen mellom Lårdal og Dalen i Telemark. Mykje av turen går framme på fjellkanten opp til 800 meter over Telemarkskanalen. Du får innblikk i gamalt kulturlandskap og historiske stader. Langs denne ruta er det også ein flott flora og geologien er spesiell. Det står skilt med info om stader og hende.
Starten går frå Eidsborg nær Dalen. Dersom ein ynskjer transport opp til utgangspunktet kan ein få drosje for kr.120,-  
Heile turen er på omlag 15km. Retur kan ein ta med ein av dei gamle rutebåtane Victoria eller Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. For rutetider sjå www.visittelemark.com
Her finn du eit kart med info.
Klikk her for meir info og bilete.
Nettside for bygda Lårdal.

Sykkelferie Foto:T.RakkeSYKLING
Det er mange sykkelvegar i kommunen, anten du ynskjer deg opp på vakre Skafsåheia, langs kanalen eller ein tur langs ein av dei mange skogsvegane våre.
Å kombinere sykkeltur med ein roleg båttur har du gode høve til i Tokke. Ta ein ettermiddagstur frå Dalen til Bandaksli Bryggje. Her vert du henta av Victoria eller Henrik Ibsen og bringa attende til Dalen. Fristar det med ein meir strabasiøs tur, kan du ta "den store kanalturen" - Nasjonal Sykkelrute nr.2. Les meir.

Sykkel får du leige hjå Telemark Adventure.


Padle Telemarkskanalen Foto:D.DesmetPADLING MED KANO OG KAJAKK
Dalen er eit mykje bruka utganspunkt for padling på Telemarkskanalen. Du kan kombinere turen med ei fredfylt reise på ein av rutebåtane.  Båtsportkart og enkle padlekart er å få hjå turistkontoret. Dei gjev deg og gode råd for padleturen. Langs Bandak er det oppretta rasteplassar med sanitæranlegg for båtfolk og dei som padlar. 
Du kan leige kano/kajakk ved Dalen bryggje og Telemark Adventure. Dei har også utleige av fiskebåt.

Her kan laste ned padlekart for Telemarkskanalen.

Rappelering Foto:D.DesmetTELEMARK ADVENTURE
Telemark Adventure byr deg på spennande aktivitetar som rappelering, padling, sykling og overlevingskurs. Dei skreddersyr pakker for grupper.

Dei har utleige av sykkel, kano, kajakk og fiskebåt.

For meir informasjon ta kontakt på tlf. 92 81 70 16
www.telemarkadventure.com

 

 

ATV- SAFARIATV -safari Foto: G.Øverland
Opplev natur- og kulturlandskap frå firehjuls motorsykkel. Turane går i hovudsak på lite trafikkera vegar og i varierande lengde. Du kan velje mellom ulike kulturinnslag eller spesielle naturopplevingar.
Ny tur i 2009 til Ravnejuv.
For meir informasjon ta kontakt med Øverland Scooter og ATV, tlf. 35 07 85 60/97 10 18 30. www.scooterogatv.no

 

 

Bade Foto:T.RakkeBADE
Både i Bandak og mange andre vatn er det fine badeplassar.
I tillegg har vi fleire stader i elvane der ungane frydar seg over djupe hylar med krystallklart vatn, men ver merksam på at mange av elvane kjem frå regulera vatn og vasstanden kan auke utan varsel. 

 

STANG- OG OTERFISKE
Fiske Bandak Foto:T.Rakke
I Bandak og Tokkeåi vert det kvart år teke mang ein storaure.
Mange foretrekker å dorge med båt, men det er også fint å fiske fra land. Prøv gjerne området ved utløpet av elva - det regnast som ein av dei beste stadane.
Også elles i kommunen er det fiskerike vatn- og vassdrag.

Vil du på fottur med fiskestanga, er Vistadheia eit godt alternativ - her får du en fin turopplevelse i tillegg til småørretfiske. Kortet, som fås kjøpt på turistkontoret, gjelder for alle småvannene innover.

Turistkontoret på Dalen har fiskekort for nokre område og kan forklare kvar og når du har høve til å fiske. 
For innlandsfiske er det ikkje lenger nødvendig å ha statleg fiskekort.

 
Fottur Foto:T.RakkeTURAR I SKOG OG MARK
Tokke har mange godt merkte turstigar frå 3-4 km til 12-15 km, gjerne lagt i tilknyting til ulike kulturminne. Stigane går frå lågland til høgfjell. Natur- og kulturkart med innteikna turstigar er å få på turistkontoret.
Turistkontoret har også kart for Car-Walks. På desse karta er det gjort greie for kulturminne langs vegane.
I Tokke finn du elles idrettsplassar/fotballbanar og skytebanar.
På Dalen finn du også idrettshall med klatrevegg, sandvolleyballbane og innandørs miniatyrskytebane.