Generelt
Det er ikkje lov til å plage andre. Når nokon vert plaga på skulen eller på veg til eller frå skulen, skal skulen stoppe det umiddelbart.
Vert eit barn utsett for mobbing, vald, diskriminering eller trakassering har barnet rett til umiddelbar mottiltak frå sida til skulen. Alle tilsette ved skulen har plikt til å følgje med, undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn så snart som mogleg.
Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevar og føresette har rett til å høyrast, å informerast og til å delta i planlegging og gjennomføring av eit godt og trygt skulemiljø.
Ved tiltak mot mobbing skal skulen lage ein skriftleg plan og skal dokumentere kva som vert gjort for å oppfylle aktivitetsplikta til skulen.
Målgruppe
-
Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
-
Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelpordningar
Brosjyrer og informasjon
Kontaktpersonar
Navn | Tittel | Telefon | Mobil | Telefaks | E-post |
---|
Finn Arne Askje | Oppvekst, kultur og idrett sjef | 35 07 52 21 | 95076637 | 35 07 71 33 | Send Epost |
Kontaktavdeling
Etat for oppvekst kultur idrett adm
Leder | Finn Arne Askje |
---|
Telefon | 35 07 52 00 |
---|
E-post | postmottak@tokke.kommune.no |
---|
Postadresse | Storvegen 60
3880 DALEN |
---|
Besøksadresse | 3880 DALEN |
---|
Lovar og retningsliner
Sjå spesielt opplæringslova kapittel 9A og friskolelova § 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø.
Søknadsprosessen
Rettleiing
Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det psykososiale miljøet.
Ein elev kan flyttast til ein annan skule dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak.
Handsamingstid
Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klage
Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er teken imot. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer eit vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen skal leverast til skulen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.