Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Adopsjon

    Generelt

    Har du lyst til å adoptere, er det fleire krav som blir stilte til deg. Kva som er best for barnet blir lagt vekt på, og barnet vil få nye rettar ved adopsjon.

    Når du adopterer eit barn, tek du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillingen som om barnet hadde vore det biologiske barnet. Rettsforholdet til den opprinnelege familien til barnet opphøyrer.

    Adopsjonsprosessen avheng mellom anna av om du kjenner barnet på førehand eller ikkje.

    Dei fleste gjennomførte adopsjonane av eit ukjent barn er barn under fem år utanlands. Organisasjonane som formidlar barn med tanke på adopsjon, gjev råd om val av land. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir send ut av landet, kan søkjaren òg vere registrert som adoptivsøkjar til eit ukjent lite barn innanlands.

    Mange ulike situasjonar kan føre til eit ønske om adopsjon av eit kjent barn innanlands. Dei fleste adopsjonane som blir gjennomførte i Noreg, gjeld adopsjonssøkjaren sitt stebarn. Barn kan òg bli adopterte av sine fosterforeldre. I begge tilfella kan dette skje både i oppveksten til barnet og etter fylte 18 år.

    Vilkår

    • Adopsjonen skal vere til beste for barnet og ha eit oppfostringsføremål
    • Adoptivsøkjarane må ha god helse
    • Det blir lagt vekt på trygg og stabil økonomi og familieforhold
    • Dei som søkjer om adopsjon saman, må være gifte med kvarandre eller sambuarar i stabilt og ekteskapsliknande forhold
    • Generelt gir det barn større tryggleik å ha to foreldre enn éin. For einslege søkjarar blir det vurdert om dei har spesielle ressursar når det gjeld barn
    • Til vanleg blir det ikkje gjeve godkjenning til søkjarar over 45 år eller under 25 år. Retningsgjevande øvre aldersgrense på 45 år ved søknad om adopsjon av ukjent barn er under vurdering
    • Ved adopsjon av eit kjent barn må det ha utvikla seg eit foreldre–barn-forhold

    Brosjyrer og informasjon

    Partnarar

    Barne-, ungdoms- og familieetaten har godkjent tre norske formidlingsorganisasjonar som òg er godkjende i aktuelle utland. Det er

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Gerd Kari SkålenNav-leiar55 55 33 3335 07 71 33Send Epost

    Kontaktavdeling

    NAV Tokke

    Telefon55 55 33 33
    Telefaks35 11 37 01
    E-postnav.tokke@nav.no
    Nettadressehttp://www.nav.no
    BesøksadresseSentrumsbygget
    Åpningstid09.00 - 15.00

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Norske styresmakter krev at adopsjon av born frå utlandet må skje gjennom ein av dei tre adopsjonsorganisasjonane som er nemnde over. Du kan kontakte ein av dei for å få informasjon og teikne medlemskap. Stadfesting av at ein av desse har teke på seg å formidle adopsjon, er eitt av vedlegga som skal følgje søknaden til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Bufetat kan gje råd og rettleiing om søknaden. Ved parallelle søknader om barn innanlands og utanlands blir det laga to søknadssett. Du kan kontakte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Fagleg utval for adopsjonssaker, når det gjeld søknad om å bli registrert som adoptivsøkjar innanlands. Telefon 466 15 000, post@bufdir.no.

    Skjema

    Dei skjemaa du finn på nettsidene til Bufetat (www.bufetat.no), skal brukast ved alle typar adopsjonssøknader.

    Vedlegg

    Søknadsskjemaet inneheld ei oversikt over kva dokument som skal følgje søknaden. Dokument som er utarbeidde med føremålet adopsjon, skal sendast i original versjon og attestane må vere nye. Andre vedlegg kan sendast som kopi dersom kopien er stadfesta av offentleg tenestemann/-kvinne eller advokat.

    Søknadmottakar

    Søknad om adopsjon av eit ukjent barn i Noreg eller utanlands skal sendast til Bufetat. Søknad om adopsjon av fosterbarn skal sendast via barnevernstenesta i den kommunen som har omsorga for barnet. Søknad om stebarnsadopsjon kan sendast direkte til Barne-, ungdoms- og familieetaten, Postboks 2233, 3101 Tønsberg.

    Handsaming

    Bufetat greier ut søkjarar som ønskjer å adoptere eit norsk eller utanlandsk barn og gjev tilråding som blir send til Bufetat sitt regionkontor, som er den statlege, regionale adopsjonsmyndigheita som gjer vedtak i dei fleste adopsjonssakene.

    Høve til å klage

    Ei eventuell klage skal sendast via regionkontoret, men må rettast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Klagefristen er tre veker frå du fekk avslaget. Sjå òg www.bufetat.no.

  • Bilstønad

  • Separasjon og skilsmisse

  • Skulefritidsordning (SFO)

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk