Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Barnehage - etablering og drift

  • Barnehageplass

    Generelt

    Du har rett til barnehageplass når barnet ditt er over eitt år. Du må søkje kommunen om plass i barnehage.

    Retten til barnehageplass gjelder for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født.

    Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eiget formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform.

    Målgruppe

    Born 1 til 6 år som bur i kommunen.

    Vilkår

    Desse blir prioriterte ved opptak:

    • Born med nedsett funksjonsevne
    • Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
    • Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

    I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

    Pris

    Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass.

    Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. Foreldrebetalinga skal for det første barnet utgjere maksimalt seks prosent av den samla skattepliktige kapital- og personinntekta i hushaldet. For andre, tredje og fleire barn blir foreldrebetalinga sett til høvesvis 50, 60 og 80 prosent av foreldrebetalinga for det første barnet.

    Frå 1. august 2015 har alle 4- og 5-åringar som bur i hushald med låg inntekt, rett til å få 20 timar pr. veke gratis opphaldstid i barnehage. Den ordninga gjeld for familiar eller hushald som har ei samla inntekt på mindre enn 405 000 kroner.
    Dette gjeld òg barn med utsett skulestart.

     

    Brosjyrer og informasjon

    Partnarar

    • Helsestasjonen
    • PPT
    • Barnevernet

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Dagny Elinor SkjelbreidLeiar476 62 420476 62 42035 07 71 33Send Epost
    Finn Arne AskjeOppvekstsjef35 07 52 219507663735 07 71 33Send Epost

    Kontaktavdeling

    Oppvekstetaten

    LederFinn Arne Askje
    Telefon35 07 52 00
    E-postpostmottak@tokke.kommune.no
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    Besøksadresse3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

    Sjå
    Barnehageloven § 7, § 8, § 9, § 12, § 12a og § 13.
    Barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier
    Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3 Moderasjonsordninger

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.

    Skjema

    Vedlegg

    Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

    Søknadsfrist

    Søknadsfrist for hovudopptak er 28.februar.

    Handsaming

    Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.

    Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.

    Har du ikkje fått oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt om barnehageplass ved hovudopptaket, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving.

    Høve til å klage

    Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.

    Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

  • Dagmamma - godkjenning

  • Familiebarnehage - etablering og drift

  • PP-tenesta

  • Skulestart

  • Spesialundervisning

  • Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk