Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon

    Generelt

    Dersom eigedommen din grensar til kommunal veg, har du ikkje lov til å byggje, plante, setje opp gjerde eller anna som avgrensar sikten langs vegen.

    Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, men òg hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta. Kommunen behandlar og godkjenner søknad om

    • dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
    • dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
    • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
    • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg

    Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

    Målgruppe

    Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje

    Vilkår

    Byggjegrenseavstanden kan vere fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggjegrenser, gjeld føresegnene om avstand i veglova. Dersom søknad om dispensasjon eller løyve òg er fremja i ein byggjesøknad, blir han behandla i byggjesaka. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er

    • kravet til fri sikt og andre trafikktryggleiksvurderingar
    • behovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til ulike vegformål

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Gunnar Aabø KilenByggesakshandsamar35 07 52 67913 83 38935077133Send Epost

    Kontaktavdeling

    Teknisk etat

    LederGunhild Austjord
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    BesøksadresseStorvegen 60 3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    Veglova §§ 29, 30, 31, 32 og 37

    Søknadsprosessen

    Handsamingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kommunal planlegging - medverknad

  • Nabovarsel - byggjesak

  • Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk