Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Byggesak

Slik kan du levere byggesøknaden din:

For enkel og effektiv behanling av byggesøknaden er det viktig at du leverer ein komplett søknad på ein av desse måtane:



1. Papir

Du kan få søknadspapir frå kommunen eller du kan skrive dei ut her (krev ikkje pålogging) - desse fyller du ut og sender pr post til Tokke kommue, Storvegen 60, 3880 Dalen



2. E-post

Du kan gjerne sende inn byggesøknaden på e-post til postmottak@tokke.kommune.no - søknad som hovuddokument og kvart vedlegg for seg sjølv for enklast behandling.



3. Elektronisk

Du kan også nytte ByggSøk for utfylling og levering av byggesøknaden din.

Tak gjerne kontakt om du lurar på noko.



Byggesaksblankettar (krev ikkje pålogging)

Byggesaksgebyr





1. Byggetiltak som ikkje krev søknad eller løyve jf plan- og bygningslova § 20-5

Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal sakshandsaming dersom dei elles er i tråd med gjeldande plan. Men nokre viktige føresetnader må vera oppfylt. Dersom eit byggetiltak fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnaden eller allmenne interesser, vil ikkje vilkåra for unntak vera oppfylt.



Klikk her for meir informasjon

2. Byggetiltak der tiltakshavar sjølv kan stå ansvarleg jf plan- og bygningslova § 20-4

Denne søknadstypa har ikkje så omfattande krav til dokumentasjon og sakshandsaming som ein full søknad. I desse sakene har tiltakshavar sjølv eit ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav som er gjeve med heimel i plan- og bygningslova. Avhengig av tiltakets vanskegrad og eigen kompetanse, kan det være nødvendig med byggfagleg bistand. Dei vanlegaste tiltaka som er omfatta av denne type søknadar er mindre uthus, garasjar og tilbygg.



Klikk her for meir informasjon





3. Byggetiltak som krev full søknad med ansvarlege føretak jf plan- og bygningslova § 20-3

I dei tiltaka som ikkje er nemnde under pkt. 1 og 2, skal ein levere fullstendig søknad. Slike søknader skal sendast inn av profesjonelle aktørar som skal ha nødvendig kunnskap om plan- og bygningslovas reglar.



Kommunen krev at slik kunnskap dokumenterast gjennom utdanning og praksis, eller ved at det føreligg sentral godkjenning. Det er og krav til slik dokumentasjon for prosjektering, utføring og kontroll av byggetiltak som er søknadspliktig.



Klikk her for meir informasjon



4. Energimerking

Alle bustadar, hytter og fritidseigedomar må energimerkast før dei vert lagt ut for sal. Ved utleige må hytta/fritidseigedomen merkast om ein skal bruke denne meir enn fire månadar i året. Les meir her





Enklare byggereglar frå 1. juli 2015

Endringane i plan- og bygningslova medfører bl.a. at ein del tiltak som ein tidlegare måtte byggesøke, no vert søknadsfrie.



Føresetnaden for at ein ikkje treng å søkje er at tiltaka er i tråd med vilkåra i dei nye reglane, samt at tiltaket må vere i tråd med gjeldande reguleringsføresegner for det aktuelle byggeområdet. I tillegg må tiltaket vera i tråd med føringar frå andre styresmakter t.d. Statens Vegvesen, kulturminnevern osb.





Du kan finne meir informasjon her

Informasjonsark om nye byggereglar





  • Bruksendring

  • Bustad - oppføring av ny bustad

  • Bustadtilskott til etablering

  • Bustadtilskott til utbetring/tilpassing

  • Bustønad

  • Bygging og graving i forureina grunn

  • Byggjetiltak på eigedom som det er bygt på

  • Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve

  • Driftsbygning i landbruket

  • Førehandskonferanse

  • Grunnlån

  • Nabovarsel - byggjesak

  • Nedgravde oljetankar

  • Sjølvbyggjar

    Generelt

    Ønskjer du å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, uthus eller tilbygg, kan du søkje om godkjenning som sjølvbyggjar.

    Ønskjer du å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, eit uthus eller eit tilbygg? Det er mogleg å søkje om godkjenning som sjølvbyggjar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggjetiltak som etter lova skal vere ansvarsbelagt. Du må kunne sannsynleggjere at du har tilstrekkelige kunnskapar og erfaring for dei delane av byggjetiltaket du ønskjer å gjere sjølv. Godkjenning som sjølvbyggjar er ikkje til hinder for at du får hjelp av fagkyndige medhjelparar eller eit firma, men du vil sjølv vere ansvarleg for at plan- og bygningslova med underliggjande regelverk blir følgt innanfor godkjenningsområdet ditt.

    Personleg godkjenning kan ein gje for funksjonane ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande. Du kan berre få godkjenning som sjølvbyggjar for arbeid av låg kompleksitet og vanskegrad (tiltaksklasse 1). Det mest vanlege er at du blir godkjend som ansvarleg utførande for heile eller delar av arbeidet, medan du har hjelp av eit firma til å søkje og prosjektere tiltaket.

    For dei tiltaka der lova stiller krav om kontroll, må kontroll gjennomførast av eit uavhengig føretak.

    Vilkår

    Har du generell bygningsteknisk utdanning og praksis, så bør du kunne bli godkjend. Andre forhold som det kan bli lagt vekt på, er om du tidlegare har vore med på oppføring av byggverk eller delteke på relevante kurs.

    Byggjetiltaket kan vere

    • Einebustad (i særskilte tilfelle)
    • Delar av bustad
    • Grunnmur
    • Innvendige arbeid

    Tiltaket må vere til eige bruk. Tomannsbustad eller rekkjehus er ikkje omfatta.

    Pris

    Brosjyrer og informasjon

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Gunnar Aabø KilenByggesakshandsamar35 07 52 67913 83 38935077133Send Epost

    Kontaktavdeling

    Teknisk etat

    LederGunhild Austjord
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    BesøksadresseStorvegen 60 3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    Sjå
    Byggesaksforskriften § 6-8 Selvbygger

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande. Om du berre ønskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytt til sjølve byggjetiltaket.

    Søknaden om ansvarsrett skal følgje søknaden om løyve. 

    Søknad om løyve kan òg delast opp. Når prosjekteringa er ferdig, blir det søkt om eit rammeløyve som avklarar rammene for tiltaket. Deretter, når ansvarleg føretak for utføringa og eventuell kontroll er bestemt, blir det søkt om igangsetjingsløyve. Når igangsetjingsløyvet er gjeve, kan du setje i gang arbeidet. Det er naturleg at søknad om ansvarsrett i dette tilfellet følgjer søknaden om igangsetjingsløyve (etter at rammeløyvet ligg føre).

    Vedlegg

    Dokumentasjon på erfaring og kompetanse

    Handsaming

    Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Handsamingstid

    Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbyrja veke tidsfristen blir overskriden.

    Har det ikkje komme nokre merknader frå naboar/tverrbuarar og uttalar frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, blir løyvet rekna for gjeve under føresetnad av at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Startlån bustad

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk