Generelt
Har du problem med å kome deg inn på bustadmarknaden, eller problem med å bli buande i den bustaden du har? Då kan du søkje kommunen om råd og hjelp.
Nokre vil ha problem med å komme seg inn på bustadmarknaden eller å bli buande i den bustaden dei har. Kommunen har eit ansvar for å hjelpe til at alle har ein god og trygg stad å bu og skal verke med til å skaffe bustader til dei som ikkje greier det på eiga hand.
Målgruppe
Vanskelegstilte
Vilkår
Kommunen vil vurdere kva slags type hjelp den enkelte har behov for, og kva alternativ som finst.
Brosjyrer og informasjon
Kontaktavdeling
NAV Tokke
Telefon | 55 55 33 33 |
---|
Telefaks | 35 11 37 01 |
---|
E-post | nav.tokke@nav.no |
---|
Nettadresse | http://www.nav.no |
---|
Besøksadresse | Sentrumsbygget |
---|
Åpningstid | 09.00 - 15.00 |
---|
Lovar og retningsliner
Sjå kommunale retningsliner. Sjå òg sosialtenestelova § 15 Boliger til vanskeligstilte.
Søknadsprosessen
Handsamingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort vedtak i saka.
Høve til å klage
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om om klagen skal bli teken til følgje