Generelt
Har du problem med å betale rekningar eller gjelda di? Kommunen kan hjelpe deg med råd og rettleiing.
Har du betalings- eller gjeldsproblem, kan kommunen gje deg økonomisk rådgjeving. Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med dei du skyldar pengar. Men du kan få hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, forhandle med kreditorar og inngå ei gjeldsordningsavtale. Nav har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing (sjå lenka i brosjyrefeltet).
Brosjyrer og informasjon
Kontaktpersonar
Navn | Tittel | Telefon | Mobil | Telefaks | E-post |
---|
Gerd Kari Skålen | Nav-leiar | 55 55 33 33 | | 35 07 71 33 | Send Epost |
Kontaktavdeling
NAV Tokke
Telefon | 55 55 33 33 |
---|
Telefaks | 35 11 37 01 |
---|
E-post | nav.tokke@nav.no |
---|
Nettadresse | http://www.nav.no |
---|
Besøksadresse | Sentrumsbygget |
---|
Åpningstid | 09.00 - 15.00 |
---|
Lovar og retningsliner
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå
Gjeldsordningsloven § 1-5 Kommunens plikt til å bistå personer med alvorlige gjeldsproblemer
Lov om sosiale tjenester i NAV § 17 Opplysning, råd og veiledning
Søknadsprosessen
Rettleiing
For at du skal få best mogleg hjelp frå rådgjevaren, er det viktig at rådgjevaren får nok informasjon til å danne seg eit korrekt og heilskapleg bilete av økonomien din. Slike opplysningar kan vere
-
Siste skatteoppgjer
-
Saldo på alle kontiane
-
Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
-
Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadene
-
Dokumentasjon på eventuell bustønad
-
Opplysningar om lån, kredittgjeld, osb.
-
Kvittering for betalt husleige og straum
-
Utgifter i til lege, fysioterapeut, kiropraktor, tannlege, osb.
-
Utgifter til barnehage, SFO eller annan barnepass
-
Utgifter til forsikring
-
Opplysningar om innskot i spareordningar
Handsamingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd.