Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kvardagsmestring

Kva er kvardagsmestring?

Kvardagsmestring er et tilbod som har mål å auke evna til å meistre daglege aktivitetar i kvardagen. Det tek utgangspunkt i det som er viktig for deg og ditt liv, og går føre seg i ein tidavgrensa periode. Kvardagsmeistring blir gjennomført saman med eit tverrfaglig team med fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og to helsefagarbeiderar. 
Trening i heimen kan gjere at du til dømes kan klare å gå å hente posten kvar dag, eller trene på å lage mat på ditt eige kjøkken. Du får trene slik at du kan klare dei tinga som du synes er viktige.

«Aktiv deltaking styrkar livskvalitet og livslengde!»

Kven kan få tilbodet?

- Heimebuande, vaksne og eldre 
- Personar som er motivera for trening og kan vere med å lage mål og eigen plan
- Personar som søkjer om pleie- og omsorgstenestar fyste gong, eller har auka trong for tenestar
- Personar med fall i funksjonsnivå
- Personar med fallhistorikk
- Personar som er utskrive frå korttidsopphald på sjukeheim eller sjukehusopphald
- Personar som har meldt behov for tekniske hjelpemiddel eller tilrettelegging i heimen

Kvifor kvardagsmestring heime?

Dei fleste ynskjer å vere aktive og bu heime lengst mogeleg. Dei vil ver i stand til å gjere dei kvardagslege aktivitetane dei er vane med og kunne delta i sosiale samanhengar. Saman med teamet ser vi  på  kva for utfordringar du har i kvardagen og kva for eit nettverk du har rundt deg. Då kan vi betre hjelpe deg på din veg mot å nå dine mål. 

Eksempel frå kvardagsmestring: 
Egil, 76 år
« Eg kunne sitta stille i stolen. Eller ligge i senga. Det var alt. Det var forferdelig»

. Slik beskreiv 76 år gamle Egil helsa si i fjor vinter. Den aktive pensjonisten blei nærast invalid etter eit fall på isen. Han fekk tilbod om kvardagsmeistring. I sommar, då Jærbladet besøkte han, luka han i hagen. 

«Tenk at eg skulle sei det er gildt å trena. Nå har eg som mål å gå til stallen og sjå på hestane. Eg skal klare det!».

Helse- og omsorgsetaten

Tenesta søkjast og bli handsame av tildelingskontoret i Tokke kommune. 

Kontakt oss:

Telefon: 
Tildelingskontoret: 35 07 55 74
Vakttelefon heimesjukepleia: 97 05 80 55
Epost: Birgith.Stordrange@tokke.kommune.no



Tullipaner
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk