Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Brannvern og tilsyn

    Generelt

    Er du eigar av byggverk, har du plikt til å sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller anna ulykke.

    Den som eig eit byggverk skal sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller annan ulukke. I tillegg til eigaren har òg brukarane plikt til å sørgje for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksinnretningar i forsvarleg stand. Kommunen identifiserer og fører tilsyn med såkalla særskilte brannobjekt. Dette er byggverk der brann kan føre til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar. Det blir òg stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt. Tilsynsfrekvensen er:

    • bygningar og område der brann kan føre til tap av mange liv – minst éin gong kvart år
    • bygningar, anlegg og liknande som representerer ein særleg brannfare eller der brann kan føre til store samfunnsmessige konsekvensar – minst éin gong kvart år
    • viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg – minst éin gong kvart fjerde år

    Kommunen seier oftast ifrå om tilsynet på førehand, men kan òg gjennomføre tilsynet utan førehandsvarsel. Brannvesenet vurderer da alle forhold som har noko å seie for branntryggleiken, både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom ein meiner at tiltaka ikkje er tilstrekkelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytte andre reaksjonsmiddel.

    Brosjyrer og informasjon

    Det finst rettleiingsmateriale om korleis krava til branntrygging skal gjennomførast. Sjå lenkja under.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Tore MetveitBrannsjef97 01 69 5735 07 71 33Send Epost

    Lovar og retningsliner

    Søknadsprosessen

    Handsaming

    Kommunen utarbeider ein rapport etter at tilsynet er utført. Rapporten nemner kva for avvik frå krava til brannsikring som er funne, og kva slags nye sikringstiltak det er behov for. Rapporten sendast med ein gong til eigaren eller verksemda/brukaren, som skal gje ei tilbakemelding innan ein oppgjeven frist. Tilbakemeldinga skal gje svar på når og korleis avvika vil bli retta opp.

    Blir det ikkje gjeve tilfredsstillande tilbakemelding på tilsynsrapporten innan fristen, skal kommunen gje dei pålegga som er nødvendige. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova om varsling med meir skal følgjast.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtak om pålegg, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klageinstansen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap er klageinstans for vedtak som er gjort av kommunestyret. For alle andre vedtak som er gjort av kommunen, er kommunestyret eller klagenemnda i kommunen klageinstans.

  • Fyrverkeri - søknad om avfyring

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk