Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Innbyggjarinitiativ

  • Val til kommunestyret og fylkestinget

    Generelt

    Kommunestyret og fylkestinget held val kvart fjerde år. Ved å stemme er du med på å påverke kvardagen din og lokalsamfunnet ditt.

    Ved å røyste er du med på å bestemme kva for parti og personar som skal avgjere saker som har påverknad på kvardagen din.

    Demokratiet står sterkt i Noreg. Det representative demokratiet utgjer kjernen i det norske folkestyret. Det er kommunestyre- og fylkestingsval kvart fjerde år.

    Alle veljarane får tilsendt valkort frå kommunen. På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskare dersom du tar det med. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om valkortet.

    Vallova seier at ein veljar som er ukjend for røystemottakaren, skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røyste. Det er ikkje nok å opplyse om namn og fødselsdato.

    Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

    Valstyret tar valoppgjer for kommunestyrevalet/fylkestingsvalet. Først finn valstyret ut kor mange representantar partiet eller gruppa får i kommunestyret/fylkestinget. Deretter tel ein opp røystesetlane og registrerer personrøystene for å finne ut kva for kandidatar som bli valde.

    Målgruppe

    Alle med røysterett og som står i manntalet

    Vilkår

    Desse har røysterett:
    Norske statsborgarar som

    • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
    • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg
    • ikkje har mista røysteretten etter Grunnloven § 53

    Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei

    • har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
    • er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterført som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Olav Bjørn BakkenSeniorrådgjevar35 07 52 1935 07 71 33Send Epost

    Kontaktavdeling

    Teknisk etat

    LederGunhild Austjord
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    BesøksadresseStorvegen 60 3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk