Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Gravferd

  • Gravplass

  • Kristendom, religion livssyn og etikk (KRLE)

  • Trus- og livssynssamfunn - tilskott

    Generelt

    Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje statleg og kommunalt tilskot.

    Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje statleg og kommunalt tilskott. Det kommunale tilskottet blir rekna ut på grunnlag av kommunen sitt budsjetterte utlegg til Den norske kyrkja, fordelt på kvart statskyrkjemedlem i kommunen. Søknad om kommunalt og statleg tilskott sendast samla.

    Målgruppe

    Trus- og livssynssamfunn

    Vilkår

    For å ha rett til kommunal støtte må trus- eller livssynssamfunnet ha rett til statleg støtte. Det er Fylkesmannen som avgjer om eit trus- eller livssynssamfunn har rett til det statlege tilskottet. Ein kan berre krevje tilskott for medlemmer som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja eller eit anna trus- eller livssynssamfunn som får tilskott. Tilskott til trussamfunn skal gå til religiøse føremål. Tilskott til livssynssamfunn skal gå til føremål som fell inn under virket som livssynssamfunn.

    Partnarar

    Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn

    Lovar og retningsliner

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Leiaren for det styrande organet til trus- eller livssynssamfunnet sender ein skriftleg søknad.

    Vedlegg

    • Organisasjonsnummer frå Einingsregisteret (meir informasjon får du frå Brønnøysundregistra, tlf: 75 00 75 00)
    • Rekneskap og årsmelding frå ev. føregåande tilskottsår
    • Oversikt over fødselsnummer for alle medlemmer med rett til tilskott. For samfunn med meir enn 100 medlemmer skal oversikten liggje føre digitalt på CD eller minnepenn

    Søknadsfrist

    Søknadsfristen varierer, sjå rundskrivet ovanfor.

    Søknadmottakar

    Søknaden om statleg og kommunalt tilskott skal ikkje sendast til kommunen, men til Fylkesmannen i det fylket der samfunnet har hovudsetet sitt.

    Handsaming

    Fylkesmannen vidaresender medlemsoversikt med fødselsnummer til Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra kontrollerer alle fødselsnumra opp mot det sentrale folkeregisteret. Det vil berre bli utbetalt tilskott for medlemmer med gyldig fødselsnummer.

    Høve til å klage

    Organisasjonen kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå vedtaket blei teke imot. Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal det førast opp kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen behandlar klager over kommunale vedtak om tilskott. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk