Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Introduksjonsprogram for nytilkomne flyktningar

    Generelt

    Alle nytilkomne flyktningar har rett til å delta i eit introduksjonsprogram for å lære norsk språk og samfunnskunnskap. Det er kommunen som tilbyr introduksjonsprogram.

    Føremålet med introduksjonsprogrammet er å gjere det enklare for flyktningar å ta del i arbeidslivet og å gjere dei meir økonomisk sjølvstendige. Det er eit krav at du bur i ein kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene, og at du har behov for grunnleggjande kvalifisering.

    Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare i inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år får 2/3 stønad. 

    Målgruppe

    Du er nytilkomen flyktning mellom 18 og 55 år og har fått innvilga opphaldsløyve som lista opp nedanfor. Med nytilkomen reknar ein at du har vore i landet under to år.

    Ordninga gjeld også for einslege mindreårige i mottak som venter på opphaldsløyve.

    Vilkår

    Eit av følgjande kriterier gjeld:

    • Du har fått asyl
    • Du er overføringsflyktning med innreiseløyve
    • Du er innvilga opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl
    • Du blir familiesameint med personar i dei gruppene som er nemnde over, som ikkje har vore busette her i meir enn fem år
    • Du har etter samlivsbrot fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet
    • Du har fått begrensa opphaldsløyve som medlem av barnefamilie eller som einsleg mindreårig.

    Pris

    Tenesta er gratis.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Gerd Kari SkaalenNav-leiar55 55 33 3335 07 71 33Send Epost

    Kontaktavdeling

    NAV Tokke

    Telefon55 55 33 33
    Telefaks35 11 37 01
    E-postnav.tokke@nav.no
    Nettadressehttp://www.nav.no
    BesøksadresseSentrumsbygget
    Åpningstid09.00 - 15.00

    Lovar og retningsliner

    Kommunen skal sørgje for introduksjonsprogrammet. Sjå spesielt introduksjonsloven § 2 om kven som kan delta og § 3 Kommunens ansvar for introduksjonsprogram.

    Søknadsprosessen

    Handsamingstid

    Kommunen har plikt til å sørgje for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter at du har busett deg i kommunen. Dersom du ikkje har fått tilbodet innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan rekne med at introduksjonsprogrammet kan starte.

    Høve til å klage

    Du kan klage på vedtak om

    • tildeling av program/stønad
    • vesentlege endringar i planen
    • at programmet blir stansa
    • godkjenning av permisjon

    Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar

  • Retten til tolk i helsetenesta

  • Vidaregåande opplæring for vaksne

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk