Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Automatisk freda kulturminne - løyve til inngrep

  • Automatisk freda kulturminne - tilskott til arkeologiske undersøkingar

  • Freda bygningar og anlegg - løyve til inngrep

  • Freda bygningar og anlegg - tilskott

  • Kulturskule - opptak

  • Musikk- og kulturskule - opptak

    Generelt

    Musikk- og kulturskule er eit tilbod til skuleelevar. Kommunen driv og eig skulen.

    Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod. Tilbodet er organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.

    Tokke kommune eig og driv Tokke kulturskule. Utgifter til drift av kulturskulen dekkast av kommunale og statlege tilskot og skulepengar frå elevane. Administrativt ligg kulturskulen under Kultur og oppvekst.

    Undervisning
    Lærarar i Tokke kulturskule underviser i fylgjande disipliner:

     

    • Piano
    • Keyboard
    • Hardingfele
    • Stryke
    • Fløyte
    • Klarinett
    • Saksofon
    • Kornett/trompet
    • Baryton/trombone/tuba
    • Gitar/bass gitar
    • Band/ensemble
    • Slagverk
    • Song 
    • Visuell kunst 
    • Drama/teater
    • Dans

     


    Lærarane i kulturskulen skal ha høgare utdanning eller tilsvarande innan sitt felt, og dei fleste er aktive kunstnarar i tillegg til undervisninga. Det meste av undervisninga går føre seg på skulane, primært på ettermiddagen.
    Undervisninga i kulturskulen fylgjer skuleruta for grunnskulen.
    Undervisningsforma i instrumentalundervisninga er gruppeundervisning eller einetime. Storleiken på gruppa avheng av type instrument, alder og nivå.
    Kulturskulen samarbeider med grunnskulane i Tokke, og har ansvaret for instrumentopplæringa og dirigent tenestar i Tokke skulemusikk og Høydalsmo/Lårdal Skulekorps. I tillegg til ordinær undervisning, arrangerar kulturskulen eigne konsertar.
     

    Instrumenter og læremidlar
    Kulturskulen samarbeider med lag og foreiningar om leige/lån av instrumenter.
    Lærarane i kulturskolen vil hjelpe til med råd og vegleiing når det gjeld innkjøp av instrumenter og noter.
     

    Målgruppe

    Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule

    Vilkår

    Når du søkjer om opptak, har du rett til å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett til å ta imot eit tilbod, må kommunen si avgjerd om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven.

    Alle kan søke om opptak i Tokke kulturskule. Dersom du ynskjer å spele eit korpsinstrument eller hardingfele, blir du automatisk medlem av eit skulekorps eller Sullarguten spellemannslag.
    Søknadskjema får du ved å vende deg til rektor ved kulturskulen eller i resepsjonen på kommunehuset. 
    Det er ingen søknadsfrist. 
    Elevar som har byrja i kulturskulen er registrerte ved skulen inntil dei kjem med skriftleg oppseiing.Slik oppseiing sendast skulen innan 1. juli / 1. des..

    Dersom søkaren får plass i kulturskulen, er denne bindande for heile semesteret.(Nye elevar får 6 veker prøvetid og betalar ikkje om dei sluttar innom dei 6 vekene)
    Dersom det ikkje er plass, blir søkaren satt på venteliste. Søkarane vert prioritert etter ansiennitet. Ved lik ansiennitet kan opptaket avgjerast ved loddtrekking. Unnatak kan gjerast ved særlege pedagogiske og organisatoriske tilhøve.
    Opptak av korps /hardingfele elevar gjerast i samråd med dei respektive laga.
    Påmeldinga er bindande og gjeld for skuleåret (både haust-og vårsemester). (Ynskjer eleven å slutte til jol, må det gjevast skriftleg melding før 1.desember!) Eleven er å sjå på som elev ved kulturskulen heilt til det kjem ei skriftleg utmelding. Fristen for utmelding er 1.juli. Desse fristane er viktig å halde for at andre skal få den ledige plassen!

    Påbyrja semester vert fakturert på vanleg måte. Føresette er ansvarleg for at semesteravgiftene betalast. Det vil elles medføre stopp i undervisninga.

    Pris

    Elevbetalinga er f.t. kr. 815,-/einetime/semester eller kr. 416,-/gruppetime/semester. Sysken/familiemoderasjon er 25%. Vaksne betalar 25% i tillegg til vanleg timepris. Tokke kommunestyre fastset prisane i kulturskulen, og endringar skjer som regel pr. 1.januar.
     

    Brosjyrer og informasjon

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Ingvild LilletvedtKulturskulerektor3507522841516857Send Epost

    Kontaktavdeling

    Tokke kulturskule

    LederIngvild Lilletvedt
    Telefon35 07 52 00
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    BesøksadresseTokke skule 3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge. Se opplæringslova § 13-6 Musikk- og kulturskoletilbod

    Søknadsprosessen

    Skjema

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk