Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Automatisk freda kulturminne - løyve til inngrep

    Generelt

    Dersom du har eit kulturminne på eigedommen din og planlegg å grave eller byggje, må du først melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne), som vil ta stilling til om tiltaket er i konflikt med automatisk freda kulturminne.

    Dersom du har eit kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne). Dette gjeld kulturminne som er automatisk freda, det vil seie kulturminne datert før år 1537 og alle samiske kulturminne eldre enn 100 år. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn.

    Målgruppe

    Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.

    Vilkår

    Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting, bygging av hytte, garasje, osb.

    Brosjyrer og informasjon

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Gunhild AustjordPlan- og næringssjef35 07 52 41488 67 02635 07 71 33Send Epost

    Kontaktavdeling

    Landbruk

    LederSverre Bakke
    E-postpostmottak@tokke.kommune.no
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    Besøksadresse3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    Riksantikvaren har utarbeidd fleire retningsliner.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha meir informasjon om ordninga, eller dersom du er usikker på kva som er eit mindre, privat tiltak.

    Skjema

    Kontakt fylkeskommunen for å få søknadsskjema.

    Vedlegg

    Gje ei forklaring av planen/tiltaket med tekst og kart/teikning.

    Søknadmottakar

    Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen/Sametinget. Dei vil ta stilling til om tiltaket er i konflikt med automatisk freda kulturminne, og i tilfelle sende saka vidare til Riksantikvaren.

    Handsaming

    Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det er ofte ein fordel å gjere dette når det er frost- og snøfritt. Fylkeskommunen/Sametinget vurderer søknaden og sender tilrådinga si til Riksantikvaren. Riksantikvaren gjer vedtaket sitt, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving der tiltakshavaren må dekkje kostnadene. Du kan søkje om støtte til dette.

    Handsamingstid

    Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er seks veker. Klaga skal sendast til Riksantikvaren. Dersom Riksantikvaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Automatisk freda kulturminne - tilskott til arkeologiske undersøkingar

  • Freda bygningar og anlegg - løyve til inngrep

  • Freda bygningar og anlegg - tilskott

  • Kulturskule - opptak

  • Musikk- og kulturskule - opptak

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk