Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Film og video - konsesjon for framvising

  • Frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hòltakingsverksemd - godkjenning/melding

  • Fyrverkeri - handel og oppbevaring

    Generelt

    Ønskjer du og verksemda di å selje fyrverkeri i klasse II og III, må du ha løyve av kommunen.

    Ønskjer du og verksemda di å selje fyrverkeri i klasse II og III, må du ha løyve frå kommunen. Til å drive handel med fyrverkeri og til å oppbevare det. Godkjenning for å oppbevare fyrverkeri blir gjeven for mengder til og med 500 kg. For større mengder enn dette må du ha godkjenning frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

    Vilkår

    • Verksemda skal peike ut ein kompetent person over 20 år og ein eventuell avløysar med dokumenterte kunnskapar og politiattest. Ein av desse skal vere til stades når salet skjer.
    • Verksemda må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og må leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.
    • Utsalsstaden må minst dekkje dei krava i byggjeforskriftene som gjeld til kvar tid, og må i tillegg møte ei rekkje andre tryggleikskrav.
    • Sal og utlevering er ikke lovleg inne i kjøpesenter eller nærare enn 25 m frå bensinstasjonar.
    • Sal til forbrukar kan berre skje i perioden 27. til 31. desember og skal skje i handelslokale, over disk og av personale.
    • Fyrverkeri som blir selt i Noreg, skal vere påtrykt eit godkjenningsnummer som er sett saman av bokstavane NBL følgt av ein talkode. Godkjenninga skal sikre at fyrverkeriet opptrer slik det er føresett ved bruk, og ikkje gjer skade på personar og eigedom.

    Brosjyrer og informasjon

    Partnarar

    Noregs branntekniske laboratorium godkjenner fyrverkeri på vegner av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Tore MetveitBrannsjef97 01 69 5735 07 71 33Send Epost

    Søknadsprosessen

    Søknadsfrist

    Innan 30. april i salsåret

    Handsaming

    Kommunen registrerer søknaden og vurderer bygningsmessige forhold ved sals- og lagringsstaden. Også kompetansen til den ansvarshavande/avløysaren (dokumentasjon om gjennomført kurs) vil bli vurdert. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Handsamingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplysningar om når ein kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kunnskapsprøven - alkohollova

  • Salsløyve for alkohol

  • Serveringsløyve

  • Skjenkeløyve alkohol

  • Skjenkjeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk