Generelt
Små bedrifter og entreprenørar kan søkje kommunen om bedriftsstønad.
Små og mellomstore føretak kan søkje om føretaksstønad frå det kommunale næringsfondet. Frivillige organisasjonar kan søkje om stønad til prosjekt som er knytte til stadutvikling. Føretaksstønaden kan gå til føremål som mellom anna
-
etablerarstipend
-
produktutvikling
-
marknadsføring
-
investering i utstyr og maskinar
Stønaden er eit distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel. Tilskotet blir utbetalt på etterskot. Heile tilskotet kan ikkje bli utbetalt før prosjektet er avslutta og revisorattestert rekneskap er sendt inn.
Målgruppe
Frivillige organisasjonar (stadutvikling) og små og mellomstore føretak (føretaksstønad)
Små føretak har mindre enn 50 tilsette og anten
-
ein årleg omsetnad på mindre enn 10 mill. euro eller
-
ein balanse på mindre enn 10 mill. euro
Mellomstore føretak har mindre enn 250 tilsette og anten
-
ein omsetnad på mindre enn 50 mill. euro eller
-
ein balanse på mindre enn 43 mill. euro
Vilkår
Eit føretak kan få inntil 200 000 euro over ein treårsperiode (bagatellmessig stønad). Midla skal normalt ikkje nyttast til å styrkje eigenkapitalen i føretaket. Føretak i kommunar utanfor det distriktspolitiske verkeområdet (sjå lenkje i feltet Regelverk) kan ikkje søkje om midel til å investere i utstyr og maskinar.
Partnarar
Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg kan vere rådgjevarar for kommunen.
Kontaktpersonar
Navn | Tittel | Telefon | Mobil | Telefaks | E-post |
---|
Gunhild Austjord | Plan- og næringssjef | 35 07 52 41 | 488 67 026 | 35 07 71 33 | Send Epost |
Kontaktavdeling
Etat for plan og næring
Leder | Gunhild Austjord |
---|
Postadresse | Storvegen 60
3880 DALEN |
---|
Besøksadresse | Storvegen 60
3880 DALEN |
---|
Lovar og retningsliner
Sjå dei årlege retningslinene på Kommunaldepartementet sine nettsider under /Virkeområde og retningslinjer/Retningslinjer for bruk av midler
Søknadsprosessen
Rettleiing
Føretaket eller organisasjonen sender ein skriftleg søknad. Han skal innehalde:
-
Presise og realistiske mål som kan etterprøvast
-
Prosjektplan med milepælar og aktivitets- og resultatmål
-
Kostnadsoverslag og finansieringsplan
Handsaming
Når ein søknad er innvilga, skal eit tilskotsbrev stadfeste det. Brevet skal mellom anna innehalde
-
føremål og kva midla skal nyttast til
-
kostnadsoverslaget som er lagt til grunn for tilsegna
-
eventuelle vilkår knytta til bruken av midlane
Handsamingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner ein kan gjere vedtaket.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt avgjerda stå, blir saka sendt vidare til kommunen si eiga klagenemnd, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.